|
Forbruk og rettferd  - i Bjørgvin bispedøme
Korleis møter kyrkja ein av dei aller største ufordringane i vår tid? Kva kan me som kyrkje og einskildsmenneske gjere med miljø- og fattigdomskrisa?
"Gjer kyrkja til det ho i sin skapnad er - verdas største miljørørsle - og verdas største rørsle for å bekjempe fattigdom." Martin Lönnebo, svensk biskop em.
På desse sidene finn du viktig informasjon om arbeidet med "forbruk og rettferd" i bispedømet. Arbeidet med denne saka er formelt forankra i kyrkjemøtevedtaka frå 1996, 2001, 2003 og 2007. Les vedtaka her (Lenke til gronnkirke.no)
Ressursgruppa for miljø og rettferd i Bjørgvin er pådrivarar i saka, og har ansvar for prosjektet "Grøne kyrkjelydar" samt mange andre gode tiltak. Trond Egill Moe er leiar for gruppa. Meir om ressursgruppa
 "Grøne kyrkjelydar i Bjørgvin" har også ei eiga Facebookside, med oppdateringar frå feltet, og høve til å knytte kontakt med andre engasjerte.
Kontaktpersonar for "forbruk og rettferd" i Bjørgvin bispedøme:
Lars Ove Kvalbein - rådgjevar for miljø og forbruk Epost: lok@kirken.no Tlf: 55 30 64 75 Mobil: 930 44 559
Butikktest for miljø og rettferdig handel: Ta kontakt om du ynskjer å gjere ein slik test i ditt lokalmiljø!
Naudsynt materiell og informasjon om testen finn du her.
« tilbake
Bjørgvin bispedøme
Postboks 1960
5817 BERGEN
Strandgaten 198
|
|
Tlf: 55306470
Faks: 55306485
E-post: bjoergvin.bdr@kyrkja.no
|
| |
|
|