Ledig vikariat som kantor i Arna

Vil du jobbe med musikk i ein spennande og aktiv kyrkjelyd med god oppslutning? Det er ledig vikariat for kantor – 100 % stilling i perioden 1. april 2026 - 31. mars 2027. Søknadsfrist 1. februar.

Publisert:

Ledig vikariat som kantor i Arna

Vil du bli med på laget i ein spennande og aktiv kyrkjelyd med god oppslutning om gudstenestene, inkluderande møtestader, mange frivillige og eit kyrkjemusikalsk arbeid av høg kvalitet og stor breidde? Då må du søkje vikariatet som kantor i Arna kyrkjelyd.

Arna er ein bydel i Bergen kommune og ligg 7 minutt med tog frå Bergen sentrum. Kyrkjelyden har omlag 7 500 medlemmer og er ein aktiv kyrkjelyd med eit breitt tilbod for ulike aldersgrupper. Den er synleg i nærmiljøet og samarbeider godt med lag, organisasjonar, kor og korps.

Staben er sett saman av prestar, kateketar, kantor, ungdomsdiakon, kyrkjetenarar, barnehagetilsette og dagleg leiar. Dagleg leiar vil vere næraste leiar. Kyrkjelydshuset inneheld tenlege kontorplassar for dei tilsette. 

Arna kyrkje er ei lys og vakker steinkyrkje frå 1865 som ligg sentralt plassert like ved handlesenter og togstasjon. Like ved kyrkja ligg kyrkjelydshuset, med gode lokale for eit breitt spekter av tiltak for ulike aldersgrupper.

Orgelet i Arna kyrkje er bygt i 1955 av J. H. Jørgensen, Oslo. Det har tre manual og pedal, 28 sjølvstendige stemmer og 15 unit-stemmer. I 2017 vart det utført eit omfattande arbeid som mellom anna omfatta fornying av trakturen i orgelet. I tillegg fekk ein ny spelepult. Denne er justerbar i høgda. Arbeidet vart utført av Johannes Buder. I dag framstår orgelet betre og meir brukartilpassa enn nokon gong, mellom anna med Setzer-anlegg for førehandsregistrering.

 Arna kyrkje har òg eit svært godt flygel, Schimmel C 213 T. Dette kom på plass i 2015.

Sjå meir: kyrkja.no/arna og gudstenester på NRK TV.

SØK PÅ STILLINGEN PÅ WEBCRUITER

Arbeidsoppgåver

  • Overordna ansvar for det kyrkjemusikalske arbeidet i soknet
  • Planleggje og gjennomføre gudstenester og kyrkjelege handlingar i tett samarbeid med staben
  • Tilretteleggje for forsongerteneste og varierte instrumentinnslag
  • Vere musikalsk leiar for Arna og Ytre Arna kyrkjekor
  • Ha eit musikalsk og administrativt delansvar for Arna familiekor
  • Oppretthalde eit godt samarbeid med øvrig kultur- og musikkliv
  • Planleggje og gjennomføre konserter og arrangementer 

Kvalifikasjonar

  • Formelle kvalifikasjonar i høve tenesteordning for kantorer (annan relevant utdanning og erfaring vil kunne bli vurdert).
  • Tilsetjing som kantor skjer med atterhald om vigsling og at biskopen gir tjenestebrev, jf. Tjenesteordningen for kantor § 5
  • Tilfredsstillande politiattest må framleggjast ved tilsetting jvf. Kirkeordning.
  • Søkjer må vere medlem av Den norske kyrkja
  • Søkjer må kunne nytte norsk munnleg og skriftleg. Skrift- og liturgispråk er nynorsk.
  • Aktuelle søkjarar kan bli innkalt til prøvespill/praktisk prøve.

Personlege eigenskaper

  • Interesse for gudstenesteliv, korarbeid og kyrkjelydsbygging
  • Kan utvise stor breidde i ulike musikalske uttrykk og former
  • Evne til å arbeide ryddig og sjølvstendig
  • Er allsidig og trygg, kan skape gode relasjonar og byggje tillit
  • Bidra til ein god organisasjonskultur i samarbeid med tilsette, folkevalde og frivillige
  • At søkjaren er eigna til oppgåvene, vil bli tillagt betydeleg vekt.

Vi tilbyr

Et spanande arbeidsfellesskap med både tilsette og frivillige medarbeidarar

 

  • Pensjonsordning i Bergen kommunale pensjonskasse
  • Ulykke- og gruppelivsforsikring  Bedriftshelsetjeneste
  • Lønn- og arbeidsvilkår reguleres av tariffområdet knyttet til Kirkens arbeidsgiverorganisasjon (www.ka.no) og Bergen kirkelige fellesråds Arbeids- og personalreglement. 
  • Kvelds- og helgearbeid må påreknast.
Kantor må pårekne noko teneste i Ytre Arna sokn og andre stader i fellesrådet etter behov hos arbeidsgjevar.Søkjarar må leggje ved dokumentasjon på utdanning. Utdanning frå utlandet må vere godkjend av Nokut eller HRdir. Søknader om unntak frå offentleg søkjarliste må grunngjevast for å bli vurderte.

 

SØK PÅ STILLINGEN PÅ WEBCRUITER

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"