Konfirmant 2026: Informasjon og påmelding

Her kan du lese om konfirmanttida og korleis du kan melde deg på

Publisert:

Konfirmant 2026: Informasjon og påmelding

VELKOMEN SOM KONFIRMANT!  

SLIK MELDER DU DEG PÅ  
Påmeldinga opnar 1. oktober kl. 09.00 

Påmelding på nett vil vere open til fredag 24. oktober kl 15.00
Du kan òg kome innom Arna kyrkjekontor og melde på om du synest det er ei enklare løysing for deg.
Du kan sjølvsagt melde på etter 24/10, men då må du sende opplysningar på epost til kateket Cathrine Snipsøyr: cs262@kirken.no 
Om du venter med å melde deg på, kan det bli fullt på dei gruppene du helst ønskjer. 


Klikk på denne lenka for å kome til påmeldingsskjema: 

KONFIRMANTPÅMELDING



INFORMASJONSMØTE 
Tysdag 30/9 kl 1730-1900 er det informasjonsmøte i Arna kyrkje. Det er for både konfirmantar og føresette. 



KONFIRMANTTID FOR ALLE
Alle som er døypt i Den norske kyrkje, er fødd i 2011 og som bur i Arna får brev med invitasjon til å vere konfirmant i Arna kyrkje. I konfirmanttida vil du få nye opplevingar og kanskje nye venner! Du får lære om Gud, bli betre kjend med den kristne trua og du får anledning til å tenke over kven du er og kva du står for. I konfirmasjonshandlinga ber vi Gud om å velsigne og styrkje kvar enkelt konfirmant. 

Kryss av i skjemaet dersom vi skal kontakte deg og snakke om kva ungdomen din treng.
Kanskje det ikkje passar med konfirmasjon i år? Ikkje nøl med å ta kontakt med oss om
å få ny invitasjon neste år.

IKKJE DØYPT?
Konfirmasjonstida er for alle, men vi har berre adresse til dei som står i medlemsregisteret. 
Er du ikkje døypt, men ynskjer å bli konfirmert, gjer vi avtale om tid for dåp.

SAMLINGAR
Konfirmanttida startar i januar og avsluttast med konfirmasjon i september. Konfirmantane skal delta på gudstenester, aktivitetar, leir, basar og samlingar med alle og i mindre grupper. Alt dette er obligatorisk.
Etter at den digitale påmeldinga lukker, fordeler vi konfirmantane i dei gruppene dei ønskjer. Når det er klart, sender vi epost med plan for det som skjer framover.

LEIR
Mange opplever at leir er eit høgdepunkt i konfirmanttida. Du kan velje mellom to leirtilbod:
Alternativ A: konfACTION i Norheimsund, 21.-24. februar
Pris: kr 2800
Her møtast fleire hundre konfirmantar frå mange stader. Sjå: krik.no/konfaction-vest.

Alternativ B: Leir på Raknestunet på Osterøy, 5.-7. juni
Pris: kr 1800
Leiren er berre for Arna-konfirmantar.

PRIS
Konfirmantavgifta inkluderer m.a. Bibel, mat, innleigde gjestar og leir. Du betaler inn kr 1800 eller kr 2800 alt etter kva leir du vil vere med på. Det går fint å dele opp avgifta. Om det er vanskeleg for dykk å betale,
ta kontakt. Betaling skjer på Vipps ved påmelding. Siste frist er 10. januar.
Vipps: 951441 (Arna sokn – aktivitet)

KOMMUNIKASJON
SPOND: vi nyttar i hovudsak Spond og epost for å gje meldingar til konfirmantar og føresette. Du må laste ned Spond-appen og bli med i gruppa. Då får de ei grei oversikt over kva som skal skje.

 

 Skann QR-kode til gruppa som heter Konfirmant 26
Gruppekode: VUJZY

GUDSTENESTER
Alle konfirmantane skal gå på minst 8 gudstenester. Konfirmanten tek bilete saman med presten etter gudstenesta og sender det på melding på Spond for å få den registrert. I Arna kyrkje er det gudsteneste kvar søndag kl.11.00 og ein onsdag i månaden kl.1830.

KONFIRMASJON
Det blir konfirmasjonar 6., 12. og 13. september 2026. Du vel dato i påmeldinga.



Vi gler oss til å møte deg og håper vi får ei fin konfirmanttid saman.

Helsing konfirmant-teamet i Arna kyrkjelyd
v/ kateket Cathrine Snipsøyr
cs262@kirken.no 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"