Kvart år rapporterer kyrkjelydane i Den norske kyrkja inn årsstatistikk via Statistisk sentralbyråd. Tala for 2025 gir grunn til både glede og uro.
På den eine sida ser me vekst. 69 nye vaksenkor blei starta og rundt 600 nye medlemmar kom til – ei auke på 4 prosent. Baby- og småbarnsong set òg rekord, med ein oppgang på heile 17 prosent.
Samtidig peikar utviklinga i ei heilt anna retning for barn og unge. Dei siste ti åra har talet på barne- og ungdomskor, og medlemstala i desse, gått jamt ned. Det er eit varsko me må ta på alvor.
Kulturarva vår
Songen har, i generasjonar, vore ein naturleg del av kvardagen vår. Ved hjelp av songen har me fått born til å sova, heist segl, søkt Gud, funne trøyst, feira store hendingar i livet osv. Særskilt har songen stått sterkt i to av dei viktigaste institusjonane våre: kyrkja og skulen. Skulen var lenge ein arena for trusopplæring og songen var synonymt med salmesong.
Songen si forankring i skulen vert utfordra
Midt på 1800-talet fekk ikkje-religiøse songar også plass i skulen. I læreplanane på 1900- talet blei det lagt vekt på korleis songen var oppdragande og dannande gjennom eit breiare repertoar som bl.a handla om kjensler til landet vårt, foreldra våre, naturen og Gud. Samstundes var lærarane utdanna til å gi elevane både teknisk og teoretisk kompetanse i song. Musikk var eit obligatorisk fag for lærarstudentane.
Slik er det det ikkje lengre. I 1960 blei song som fag fjerna og erstatta med musikk, og i 2017 blei song fjerna i den overordna læreplanen i skulen.
I 2021 blei det gjort ei landsomfattande spørjeundersøking ved 11 ulike utdanningsinstitusjonar. Studentane hevda at dei ikkje lærte nok om song gjennom studiet, at det var utfordrande å finne repertoar og at dei ikkje var fortrulege med å synge høgt. Tidlegare var lærarane også ein ressurs for kortilboda i nærmiljøet. Det er færre av desse no. Dette kan truleg henge saman.
Ein grunnmur av felles kulturarv
I fjor gav kunnskapsminister, Kari Nessa Nordtun (AP), Utdanningsdirektoratet i oppdrag å samla fagfolk for å laga ein oversikt med konkrete forslag til kva elevane bør lesa, synga og læra i klasserommet. No er det utvikla eit utkast til nasjonale innhaldslister til læreplanane for skulen. Desse er no sendt ut på høyring der alle kan seie si meining.
Og kva er målet? Jo, å gi elevane ein sterkare grunnmur av felles kulturarv og referansegrunnlag, og historie og tradisjonar. Også på tvers av generasjonar.
Eg skjønar at ein kan bli uroleg for songtradisjonen og kulturarven vår! Difor er det også gledeleg og sjå regjeringa si satsing for nasjonale innhaldslister i læreplanane for skulen.
Det er ingen tvil: Song knyt oss saman! Skulen og kyrkja er framleis to viktige institusjonar i samfunnet vårt som framleis supplerer kvarandre. Og begge stader trur me på at songen kan vera ein grunnmur i liva våre og danna fellesskap til tross for forskjellar!
Allsong og kor i Fana og Ytrebygda kyrkjer
I Fana sokn er kormiljøet og songen ein stor del av vår stolte tradisjon. Samstundes har samfunnsutviklinga utfordra oss bla. i forhold til trendar og nye læreplanar i skulen.
Dei to siste åra har Fana Sokn satsa på eit «allsong»- prosjekt. Ein gong i semesteret inviterer me til Juleallsong og Vårallsong. Målet er å få generasjonar til å synge saman og aktivt vera med på ei vidareformidling av arven vår. For nokre er det salmane som blei sunge i barndomen, for andre er Mads Berg si «Skolens sangbok» framleis eit gjeldande allsongrepertoar, skuleborna nynnar på «BlimE"- songane, medan nybakte mødre og fedre har heilt andre musikkpreferansar. Me prøver å imøtekoma både liten og stor. Allsong-repertoaret vårt vekker minner, historier og bygger fellesskap.
I Fana Sokn ynskjer me å føra allsongtradisjonen vidare. Kvar søndag kan du få delta i songen på gudstenester i ei av kyrkjene våre.
I tillegg har du høve til å bli med i våre kor og songtilbod ved å delta på:
- Babysong
- Fana kirkes barnekor
- Knøttesang
- Minising
- BaKoY
- Fana Åpen barnehage med fast samlingsstund
- Ten Sing
- Barnekorfestival
- Gospelnight
- Formiddagskoret
Velkomen!
