Vårallsong på bygda

Gjer deg klar for vårallsong i Ytrebygda kirke!

Vårallsong på bygda

Song kan bygga bruer mellom menneske og generasjonar. Bli med på allsong-prosjektet i Fana og Ytrebygda kyrkjer.

Me veit at songen kan vera med på å bygga bruer, skapa fellesskap og opplevingar og ikkje minst,- det er dokumentert at det rett og slett er god folkehelse og synga! Å syngja gjer oss glade! I haust starta difor Ragnhild Grov Nilsen, barne og ungdomsmusikar, og Kari Lie Totland, dagleg leiar i KFUK KFUM Fana, eit allsong-prosjekt. Målet er å laga ei samling i semesteret der ein bygger bruer mellom generasjonane ved hjelp av song.

Til jul blei «Juleallsong» arrangert for fyrste gong med stor suksess! Det blei sungen kjente og kjære julesongar, krydra med solistar, barnekoret BaKoY og dyktige musikarar. Songstunda varte i om lag 40 minuttar og etterpå var det felles lunsj til alle.

No ser me fram mot «Vårallsong». Du som likar å synga, treffa andre eller berre har lyst på ein kaffikopp er hjarteleg velkomen,- uansett alder! Me ynskjer å laga lunsj til alle som kjem og treng difor at du melder deg på her. Denne gongen vert songstunda leia av Kari Lie Totland. Julie Hyerin Aune er med som solist og Daniel Gundersen på flygel.

Hjarteleg velkomen 24. april i Ytrebygda kyrkje kl. 12.00!

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"