Asbjørn hadde sjølv valt songen «Jeg vil gi deg, o Herre, min lovsang» som ei rame rundt innsetjinga. Han akkompagnerte på det fine flygelet i St Markus medan vi song denne.
Menighetsrådsleiar Sverre Johan Nærheim las innsetjingsbrev frå biskopen i Bjørgvin.
Så ba sokneprest Anne Line Holme Kroken ei forbøn for han ved alterringen.
Elles i gudstenesta spelte Asbjørn på det nyrenoverte orgelet. Han uttrykte etterpå at han likte det, og sa at det inneheldt fleire interessante stemmer som ein ikkje finn på så mange andre orgel.
Det var etterlengta å få ein ny kantor. Vi gratulerer og ynskjer han velkomen!