Òg i vår har Ytre Arna kyrkjelyd tre bibeltimar saman med indremisjonslaga i Ytre Arna og på Haugland. Gjennomgangstemaet denne gongen er «Trusheltane i Hebr. 11 og 12,1-3». Bibeltimane er sette opp tre onsdagar etter kvarandre, alle kl. 19.00. Kvar gong er det anten ein enkel bibeltime med kaffi etter eller ein dobbel bibeltime - med ein kopp kaffi i pausen.
Program for våren 2026:
Onsdag 11. februar kl. 19.00 i Ytre Arna kyrkje: "Framande og heimlause på jorda", Hebr 11,1-16. Talar: Ingvar Fløysvik.
Onsdag 18. februar kl. 19.00 på Ytre Arna bedehus: "Heller Kristi vanære enn skattane i Egypt", Hebr. 11,17-31. Talar: Odd Sverre Hove.
Onsdag 25. februar kl. 19.00 på Haugland bedehus: "Med blikket på Jesus". Hebr 12,1-3. Talar: Odd Sverre Hove.
