Samliv mellom to vaksne er eit breitt spekter som famnar mykje for veldig mange.
Nokre vil gifte seg før dei flyttar saman, andre er sambuarar heile livet, og andre igjen har både vaksne barn og barnebarn før dei seier “Ja” framfor presten.
Kanskje har du eller de tenkt på det ei stund, men aldri heilt kome i gang med planlegginga? Eller kanskje vil de har det veldig enkelt, utan mykje styr, og utan mykje folk?
I Ulstein kyrkje har vi etterkvart lagt ein fin tradisjon med å arrangere Valentinsdags-bryllaup den 14. Februar! I 2026 er det fjerde året vi vier par, og vi tør påstå at tradisjonen har sett seg i samfunnet vårt. I snitt har vi vigd heile 8 par kvart år, med rekord i 2025 på 10 flotte par. Nokre har med seg fullt følgje, heile slekter og mange venner. Og nokre er berre seg sjølve og sine forlovarar og barn. Vi har til og med vore vitne for enkelte par! Det viktigaste er at dagen blir slik de faktisk ønskjer den, uavhengig av korleis det faktisk ser ut.
Laurdag 14. Februar 2026 står vi igjen klare til å feire kjærleiken! Vi stiller med kyrkje pynta til kjærleik, prest, solosong og organist. Alt de treng gjere er å FRI (det viktigaste første steget!), og ha papir i orden frå Skatteetaten.
Om de allereie er klare for vigsle og vil melde dykk på, eller om de berre vil ha litt meir informasjon, kan de ta kontakt med kyrkjekontoret på e-post: post.ulstein@kyrkja.no eller telefon: 700 17 680.



