TEMA:
Kva gjer kristne misjonærar frå Egypt i Libanon, og kva har det med oss i Ulstein å gjere?
Kyrkjelyden vår har misjonsavtale med NMS (Det norske Misjonsselskap) og støttar arbeidet i Midtausten. Denne kvelden skal vi mellom anna få høyre om korleis syriske flyktningar i Libanon får nytt livsmot gjennom arbeidet til ein av organisasjonane som NMS samarbeider med. Aust i landet driv egyptiske misjonærar eit senter som gir syriske unge kvinner praktisk yrkesopplæring, så dei kan få seg arbeid. Dei får også lære kor verdfulle dei er som menneske, og kor høgt Gud elskar dei.
Geir Sakseid er prest i Ålesund og rådgjevar for Midtausten i NMS. Han besøkte nyleg arbeidet i Libanon og vil formidle nokre inntrykk frå reisa, som også inkluderte eit besøk i den kristne TV- og medieorganisasjonen SAT-7.
