Rosetenesta har vore i gang sidan 90-talet. Frivillige tek med seg ei rose og går på besøk til dei eldre i samband med fødselsdagen til dei som fyller 85, 90 eller meir.
Vi har, av praktiske grunnar og av respekt for val personar tek med omsyn til livssyn, berre delt ut til medlemmer i Den norske kyrkja.
Viss du har lyst til å vere med og glede nokon på denne måten, så er det plass til deg også som medarbeidar. Ta kontakt om du er interessert.