Bli med på gjevartenesta og støtt trusopplæringa
Bli med på gjevartenesta og støtt trusopplæringa i Fitjar kyrkjelyd. Dei siste åra har Fitjar sokneråd satsa sterkt på trusopplæring for barn og unge i kyrkjelyden. Frå bispedømet får me tilskot til å dekka ca. 40% stilling som trusopplærar, men ved hjelp av lokal finansiering har me greidd å auka stillinga til 90%. Dette har opna for eit arbeid med stor breidde og høg kvalitet. Randi Lønning Matre, som har ansvar for trusopplæringa, er ein svært dugande medarbeidar. Gjennom året gjennomfører ho og sokneprest Olav Oma, saman med gode frivillige medarbeidarar, mange kjekke aktivitetar for dei unge.
Publisert:
