Askvoll, Fjaler, Høyanger og Hyllestad kommunar, har til saman over 10 000 innbyggarar. Det er gode kommunikasjonar sørover til Bergen (ca. 2,5 t) med to daglege ekspressbåtavgangar sørover, forutan bussforbindelse og kort veg til Førde med bil/buss (ca. 1 t).
Ledig stilling
PROSJEKTSTILLING SOM KYRKJELYDSPEDAGOG
Inntil 100% stilling i 3 år.
Stillinga kan eventuelt delast opp og det vert då høve til team-arbeid for dei som er tilsett.
Sokna i Askvoll, Fjaler, Høyanger og Hyllestad har inngått eit nytt samarbeid om felles pedagog til den kyrkjelege undervisninga for barn og unge frå 0-18 år i samarbeidsområdet.
Stillinga er ledig for snarleg tiltreding, og den som vert tilsett vil få ei leiande rolle i realisering og vidareutvikling av dei vedtekne planane i sokna.
Kyrkjelydspedagogen vil utføre arbeidet sitt i samarbeid med lokale utval i sokna, styringsgruppa for stillingssamarbeidet, sokneprest, kantor/organist og andre lønna og ulønna medarbeidarar.
Det er om lag 1350 kyrkjemedlemer i aldersgruppa 0-18 totalt i sokna. Plan for den kyrkjelege undervisninga er vedteke i alle sokna, men ikkje alle tiltaka er innfasa enno.
Arbeidet vil vere lokalisert i heile regionen. Ein naturleg felles samlingsstad er Alværa kyrkje- og misjonssenter (NMS). I regionen er det mange lokale som er godt eigna for arbeidet med barn og unge, med mellom anna multimediautstyr, fleksibel møblering, kjøkkenfasilitetar m.v. Det er jamt over god oppslutning i sokna. For nærare informasjon om sokna og om undervisningstilbodet til barn og unge, sjå:
www.kyrkja.no/askvoll
Arbeidsoppgåver:
· Fylgje opp og vidareutvikle lokale planar for kyrkjelege undervisning og læring i sokna
· Saman med utval på soknenivå og styringsgruppa ha ansvar for at tiltaka i læringsplanane vert gjennomførte.
· Ansvar/deltaking i gudstenester knytt til kyrkjeleg undervisning og læring
· Ha ansvar for, og delta i arbeid blant born og unge, mellom anna konfirmantarbeid.
· Rekruttere og inspirere uløna medarbeidarar.
· Profilere kyrkjeleg undervising og læring i ulike medier.
· Rapportering.
Vi ynskjer ein person som:
· Har interesse og engasjement for kyrkjeleg arbeid for born og unge.
· Har minimum 3-årig høgare utdanning med pedagogikk og/eller kristendom i
fagkrinsen. Manglande utdanning kan kompenserast med relevant erfaring.
· Har kjennskap til Den norske kyrkja si verksemd.
· Har gode kommunikasjonsevner og norskkunnskapar og erfaring med sosiale medier.
· Kan arbeide sjølvstendig og systematisk.
· Har personlege eigenskapar som gjer ein skikka for stillinga (engasjement, kreativitet, formidlings- og samarbeidsevne).
Opplysningar om stillinga:
· Løn etter kvalifikasjonar etter gjeldande tariffavtale i KA sitt tariffområde.
· God pensjonsordning i KLP.
· Kyrkjeverja i vertsfellesrådet er næraste overordna for stillinga.
· Fast kontorplass etter avtale.
· Ein må rekne med noko arbeid på kveldstid og i helgar.
· Søkjar må vere medlem av Den norske kyrkja.
· Søkjar må disponere bil (skyssgodtgjersle).
· Den som vert tilsett må levere tilfredsstillande politiattest.
· Oppstart i stillinga: 1. februar eller etter avtale.
For nærare opplysningar om stillinga, ta gjerne kontakt med:
Kyrkjeverja i Fjaler:
Kristin Kalstad telefon 917 15 126, e-post: kk636@kyrkja.no
Kyrkjeverja i Askvoll:
Rune Ziener, telefon 479 63 319, e-post: rz459@kyrkja.no
Kyrkjeverja i Høyanger:
Stig Jonny Fitje, telefon 917 63 803, e-post sf729@kyrkja.no
Søknad med CV og kopi av vitnemål og attestar kan sendast på e-post eller post til kyrkjeverja i Askvoll:
Askvoll sokn
Postboks 14
6988 Askvoll Søknadsfrist: 5. januar 2026
