Sentrerande bøn

Sentrerande bøn er ei form for kontemplativ bøn som har lange røter bakover i kyrkja si historie. Det finns og andre gode veger inn i kontemplativ bøn, som lectio divina.

Utsnitt frå glasmaleri i kapellet

Sentrerande bøn handlar om å stilne innanfor Gud bak eigne ord, tankar og kjensler. Under sentrerande bøn gir vi oss over til Gud sitt nærvær og handling i oss. Ho har lange røter i kyrkja si tradisjon og historie. Sentrerande bøn hentar fram gamal visdom, tilpassar ho til vår tid og gir ho form og regelmessigheit.

Ein torsdag i månaden kan du delta på sentrerande bøn i Johanneskapellet kl.10.30-11.30. Mange kjenner til bøn med ord, men visste du at det finns ein lang tradisjon med å be i stillheit til Gud? I sentrerande bønn er vi stille saman i Gud sitt nærvær og i Gud si handling i oss.

Samlinga med sentrerande bøn er samansatt av ca. 25 minutt undervisning og samtale, 5 minutt fall-til-ro-øving og 20 minutt sentrerande bøn (stillheit).

Bønegruppa/praksisfelleskapet er open. Det betyr at alle som vil kan kome og prøve ut om dette er noko for dei. Samtidig ynskjer vi at gruppa skal være ei støtte for dei som praktiserer sentrerande bønn/ stille andakt heime mellom samlingane. Vi oppfordrar alle som ynskjer å være med til å forplikte seg sjølv til å delta jamnleg. Gruppa er leia av Gunnhild Roaldsnes Bremer, prest. Ta kontakt for spørsmål eller informasjon om datoer for samlingane.

Sjekk ut stille retreatar, og retreatar med kontemplasjon og sentrerande bønn som tema på retreater.no

Åkerlehaugen er retreatsenteret i Møre bispedøme. (link)

Sett av dato:

Areopagos i samarbeid med Valderøy sokneråd arrangerer temadag om sentrerende bøn 18. oktober 2025.

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"