Velkomen til utdeling av 4-årsbok!

Kjære deg som er 4 år i år - det er med stor glede vi inviterer deg til fest i kyrkja!

Publisert:

Velkomen til utdeling av 4-årsbok!

Sidan du er 4 år i år og bur på Giske, Godøya, Vigra eller Valderøya
er du suuupervelkomen til:


Utdeling av 4-års bok
i Valderøy kyrkje
onsdag 1. oktober klokka 17:30 – 18:30

 

Kle deg gjerne ut om du vil. I kyrkja er rom for deg som du er,
også om du er sjørøvar, prinsesse eller superhelt.

Vi skal gjere mykje moro saman og det blir fortelling frå Bibelen, musikk og vi reiser på skattejakt. Du får di heilt eiga 4-årsbok og vi sluker litt bollar og saft.

Informasjon til foreldre

  • Barna må ha med ein vaksen (tips: gjerne fadder eller besteforelder)
  • Alle 4-åringar er velkomne – døypt eller ikkje
  • Vi tilrettelegg gjerne: gi beskjed ved allergiar eller andre behov

Vi vil ha nok mat og utstyr, påmelding i Spond er viktig.
Frist fredag 26. september ved å bruke spondkode: BHZOM
Meld inn barnet ditt i spondgruppa «Aktivitetstilbod i kyrkja for barn 0-15 år».

Ta gjerne kontakt med Gunnhild.anita.bremer@kyrkja.giske.no ved behov.

 

Spente og glade helsingar frå

Prestane;

Gunnhild Roaldsnes Bremer
Hallvard Roald Nordstrand

Valderøy Sokneråd
Giske Sokneråd
Vigra Sokneråd

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"