Når klokkene kallar inn, samlast vi til ei roleg og enkel gudsteneste. Det er ei stund med salmar, musikk og ord som får synke ned. Under gudstenesta blir namna lese opp – alle som har gått bort det siste året – og vi tenner lys. Etter gudstenesta får alle med seg eit sorglys som ein kan ta med heim.
Allehelgen handlar ikkje berre om sorg, men òg om håp – om at kjærleiken varer, sjølv når livet tek slutt.
Prest Håkon Kinsarvik leier gudstenestene, saman med organist Peter Tiborc Jobbagy.
Mjømna:
Klokkar: Grete Lid
Kyrkjevertar: Bente Iren Haugen og Gunnlaug Oddny Birknes
Takkoffer: Kirken SOS
Kyrkjetenar: Ingolf Wegeland
Brekke:
Klokkar: Olaug Evensen
Kyrkjevert: Johnny Leidvin Langvatn
Takkoffer: Misjonsprosjektet Mali
Kyrkjetenar: Randi Trædal
Gulen:
Klokkar: Odd Harald Per Eide
Kyrkjevert: Sigrunn Haveland
Takkoffer: Rådet for psykisk helse
Kyrkjetenar: Astrid Tveit
Gudstenestene denne dagen
-
Mjømna kyrkje kl. 11.00
-
Brekke kyrkje kl. 16.00
-
Gulen kyrkje kl. 19.00
Salmar til Allehelgensgudstenesta
Inngangssalme:
818 Å, ver hjå meg, for no er kvelden nær
817 Fager kveldsol smiler
455 Fall til ro
678 Vi rekk våre hender fram
197 Deg være ære
Tekstane denne sundagen er:
Salmene 139,1–18 Salmene 139,23–24
