Dåp i Gulen

Når eit barn vert født, får ikkje lenger kyrkjekontoret melding om dette, men kyrkja i Gulen ønskjer alle velkomen til dåp

Det er dåp i kirken. Vi ser barnet fra fugleperspektiv, der hun blir holdt over døpefonten. Hun skal få vann på hodet fra prestens hånd. Barnet har forventning i øynene!

Namneval
Folkeregisteret godkjenner namneval og utsteder fødselsattest for barnet med namn og personnummer. Fødselsattest forevisast presten i dåpssamtalen som finn stad før dåpen.

Ønskje om dåp
Dersom ein ønskjer å døype barnet, må ein ta kontakt med kyrkjekontoret for å avtale tid og stad for dåp og dåpssamtale. Ein bør sjå gjennom gudstenestelista som ligg både på framsida her på nettstaden og dessutan i kyrkjeblad for Gulen. Det er høve til å ha dåp i dei fleste gudstenester, men dette må avtalast med prest.

Dåp utanfor Gulen
Sjølv om ein ønskjer dåp utanfor Gulen, må ein kontakte kyrkjekontoret her for å gjere avtale om dåpssamtale. Dåpssamtalen skal nemleg finne stad i det soknet barnet er busett, sjølv om dåpen skjer ein annan stad. Etter dåpssamtalen sender kyrkjekontoret melding til kyrkjelyden som står for sjølve dåpshandlinga.

Fadrar
Barnet skal ha minst to fadrar, men ein kan ha opp til seks stykker (foreldre er ikkje fadrar). Fadrane skal vere fylte 15 år, og skal normalt vere medlem av Den norske kyrkja. Det vert sendt ut eigen informasjon til fadrane om kva ein forpliktar seg på ved å seie ja til å vere fadder. Fadrane får eit viktig ansvar: "Å be for barnet, lære det sjølv å be, og hjelpa det til å bruka Guds ord og Herrens nattverd, for at det kan verta verande hjå Kristus når det veks opp, liksom det ved dåpen vert sameint med han" (frå Den norske kyrkja sin dåpsliturgi).

Dåpssamtalen
Før barnet vert døypt, skal ein ha dåpssamtale med presten. Som regel kjem presten på besøk i heimen, men av og til kan det høve å ta samtalen på kontoret. I samtalen snakkar ein saman om:
- kva dåpen er
- korleis dåpshandlinga går føre seg
- korleis kyrkja kan hjelpe med å gi barnet ei kristen oppseding

Dåpsgudstenesta

Dåp i kyrkja
Dåpen skjer som ein del av ei ordinær gudsteneste i soknet. Dåpen er ei kyrkjeleg handling, og heile kyrkjelyden vert derfor involvert i det som skjer.

Det er òg fint om dåpsfølgjet deltek aktivt, til dømes ved å:
– lese dåpstekstane (sjå lenger nede) 
– helle oppi dåpsvatnet
– ta av dåpslua
– tørke hovudet
– tenne dåpslyset

Nynorsk

L: Liturg/prest

L | Høyr kor venleg Jesus tek imot borna og opnar Gudsrike for dei:

Ein i dåpsfølgjet | Dei bar små born til Jesus for at han skulle røra ved dei, men læresveinane viste dei bort. Då Jesus såg det, vart han sint og sa til dei: «Lat små borna koma til meg og hindra dei ikkje! For Guds rike høyrer slike til. Sanneleg, eg seier dykk: Den som ikkje tek imot Guds rike slik som eit lite barn, skal ikkje koma inn i det.» Så tok han dei inn til seg, la hendene på dei og velsigna dei.

MARK 10,13–16

 

L | Lat oss høyra Jesu ord og bod om den heilage dåpen:

Ein i dåpsfølgjet | Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. Gå difor og gjer alle folkeslag til læresveinar: Døyp dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande og lær dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.

MATT 28, 18–20

 

Bokmål:

L| Hør hvor vennlig Jesustar imot barna og åpner Gudsrike for

dem:

En fra dåpsfølget leser| De bar små barn til Jesus for at han skulle røre ved dem,  men disiplene viste dem bort. Da Jesus så det, ble han sint og sa til dem: «La de små barna komme til meg, og hindre dem ikke! For Guds rike tilhører slike som dem. Sannelig, jeg sier dere: Den som ikke tar imot Guds rike slik som et lite barn, skal ikke komme inn i det.» Og han tok dem inn til seg, la hendene på dem og velsignet dem. Mark 10,13–16

 

L | La oss høre Jesu ord og befaling om den hellige dåp:

leses av en i dåpsfølget |Jeg har fått all makt i himmelen og på jorden. Gå derfor og gjør alle folkeslag til disipler: Døp dem til Faderens og Sønnens og Den hellige ånds navn og lær dem å holde alt det jeg har befalt dere. Og se, jeg er med dere alle dager inntil verdens ende. Matt 28, 18–20

 

Med dette ønskjer vi i kyrkja i Gulen velkommen til kyrkje og dåp. Ta kontakt med kyrkjekontoret om det er noko de lurar på.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"