Bryllaup i kyrkja set kjærleiken inn i ein større samanheng. Feiringa av kjærleiken dykkar til kvarandre skjer framfor Gud, slekt og vener. Samstundes blir de ein del av ein fleire hundre år lang tradisjon i landet vårt. Velkomen til kyrkja for dykkar vigsel!
Ein kyrkjeleg vigsel set kjærleiken inn i ein større samanheng! Den norske kyrkja. I kyrkja har me ein lang tradisjon for å feire kjærleiken. Ønskjer de å gifte dykk i kyrkja, får de gje kvarandre lovnader om å halde saman og å elske kvarandre. Dette gjer de i eit vakkert kyrkjerom, framfor Gud, forlovarar, familie og vener.
Bryllaup i kyrkja er gratis og for alle
Vil de gifta dykk? Kyrkja er open for dykk – uansett!
Det kostar ingenting å gifta seg i kyrkja der de bur (folkeregistrert adresse), så lenge éin av dykk er medlem i Den norske kyrkja.
Om de er unge eller gamle, nyforelska eller har delt livet i mange år – i kyrkja er de velkomne. Det spelar inga rolle om de er kvinne og kvinne, mann og mann, eller kvinne og mann. Kjærleiken er heilag, og vi feirar han saman med dykk.
Det er heller inga krav til kva de trur på, meiner eller står for. Alle par som ønskjer ei kyrkjeleg vigsle, kan gifta seg i kyrkja.
Under vigselen blir de bedne for
I kyrkja blir ekteskapet sett inn i ein større samanheng. De blir bedne for – for ekteskapet, framtida, og presten bed om Guds velsigning over ekteskapsløftet.
Ei av bønnene som vert brukte i vigselen, lyder: Gode Gud, vi takkar deg for (namna på paret vert nemnde) og for kjærleiken deira til kvarandre. Velsign livet deira som ektefolk. Hjelp dei å halde dei lovnadene dei har gjeve kvarandre, så ekteskapet deira kan fyllast av tillit, omsorg og glede.
Ekteskapet er ei gåve frå Gud
I Bibelen står det at «Gud er kjærleik, og den som blir verande i kjærleiken, blir verande i Gud og Gud i han». Kyrkja formidlar at Gud har skapt oss i sitt bilete til å leve i fellesskap med seg og kvarandre. Ekteskapet er Guds gode gåve til oss menneske.
i Gulen
I Gulen har ein mange moglegheiter for vigsel. Forutan dei tre vakre kyrkjene – Brekke, Gulen og Mjømna – er det òg fullt mogleg å gifte seg ute i naturen, heime i hagen, ved sjøen eller på ein heilt spesiell stad som betyr noko for dykk. Det er berre å ta kontakt, så finn me ei løysing saman.
Når brudefolka er busett i kommunen, eller minst ei av brudefolka er døypt eller konfirmert i Gulen vert det ingen avgift ved vigselen. For andre er det ei seremoniavgift om ein ønskjer å bruke kyrkja til vigsel. Inkludert i det ligg kyrkja sine utgifter til oppvarming, reinhald, organist og kyrkjetenar. I tillegg kan bispedømet kreve betaling for prest. Ta kontakt med kyrkjekontoret for å avtale tid og stad for vigselen.
I lenkja under kan du laste ned alle naudsynte skjema.