Leikanger kyrkje opnar dørene for sommargjestar

Denne sommaren ønskjer Leikanger kyrkje velkomen inn i det vakre kyrkjerommet på Leikong. Frå måndag 30. juni til fredag 4. juli held kyrkja ope for alle som vil kome innom – takka vere innsatsen frå fleire frivillige vertar.

Publisert:

Tre av dei frivillige kyrkjevertane (f.v.) Sølvi Nykrem, Wenche Thomsen Kleppe og Monika Haanes Waagan gler seg til å opne kyrkja for besøkande i sommar.
Tre av dei frivillige kyrkjevertane (f.v.) Sølvi Nykrem, Wenche Thomsen Kleppe og Monika Haanes Waagan gler seg til å opne kyrkja for besøkande i sommar.

– Vi synest kyrkja vår er så vakker, og ho skjuler mange kulturhistoriske skattar og spennande forteljingar. Plasseringa – midt i Leikong-bygda og tett ved riksvegen – gjer det enkelt å stoppe. Vi håpar mange vil ta turen, anten dei er turistar eller lokale som ønskjer å lære meir om kyrkja si unike historie, seier leiar i soknerådet Monika Haanes Waagan.

Måndag til fredag 11 - 15

Kyrkja er open frå måndag til fredag kl. 11.00–15.00. Frivillige vil vere til stades for å ta imot gjestar, svare på spørsmål og tilby enkel omvising. Dette er også eit tilbod for dei som berre vil setje seg ned for ei stille stund, oppleve stemninga i kyrkjerommet eller tenne eit lys i lysfatet.

Det vert òg høve til å kjøpe seg ein kopp kaffi og ein nysteikt vaffel – og slå av ein hyggeleg prat med dei som er til stades.

Mykje folk ikkje veit om kyrkja

– Kyrkja er ei åttekanta trekyrkje. Ho vart opphavleg bygd på Sjøholt i 1807, og kom til Leikong i 1872, fortel Waagan. – Kyrkja er i vanleg bruk gjennom heile året, men det er likevel mykje folk ikkje veit om kyrkja, som at den gamle inngangsdøra og preikestolen med dei sju dydane faktisk er frå 1600-talet. Det er ei stor glede å få dele alt dette med dei som kjem innom i sommar.

Foto: Max Ingar Mørk

Kontaktinformasjon for Herøy kyrkjelege fellesråd

Herøy kyrkjekontor

Herøy kyrkje
Lisjebøvegen 1
6091 Fosnavåg

 

Opningstider

1. september – 31. mai
Måndag stengt
Tysdag kl. 11.00-15.00
Onsdag, torsdag og fredag kl. 9.00-15.00

1. juni – 31. august
Måndag stengt
Tysdag – torsdag kl. 9.00-15.00
Fredag stengt

Kontakt

Telefon 70 08 02 60  |  418 60 780
Epost kyrkjekontoret@heroy-kyrkje.no
Tilsette

Vil du varsle?

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"