Hei 1. klassing!
Korleis går det med deg på skulen? No vil vi invitere deg og alle førsteklassingar i kyrkjelyden til fire kjekke samlingar i Tunet kyrkje- og kultursenter! Vi skal bruke 6-årsboka og ei aktivitetsbok som høyrer til. Disse bøkene får du på den fyrste samlinga. Gjennom ulike aktivitetar blir vi kjent med bibelfortellingane i boka. Vi et kveldsmat saman til slutt. Dei vaksne er velkomne til ein kopp kaffi kl.18.15. Då kan vi fortelje dei kva vi har høyrt om og laga denne dagen
Tysdagar kl. 17.00 – 18.30
9., 16., 23. og 30. september
Påmelding for deg som er født i 2019
Her kan du melde på barnet innan fredag 5. september
Tilrettelegging
Vi ynskjer å legge til rette for at Heilt Førsteklasses skal bli ei fin oppleving for ditt barn.
Gje oss difor beskjed i påmeldinga om barnet har behov for oppfølging og/eller tilrettelegging (til dømes allergiar, sjukdommer/medisinering eller anna som vaksenleiarane bør vite om).
Foreldrehjelp
Har du moglegheit til å vere med å hjelpe med kveldsmaten på ein eller fleire av samlingane?
I så fall er vi veldig takksame! Huk av i påmeldinga, så tar vi kontakt med deg 😊