Samtale med ein av prestane eller diakonen. I denne samtalen er det du som kjem som bestemmer kva vi skal snakke om. Samtalen blir avtalt ved at den enkelte sjølv tar kontakt med kyrkjekontoret eller direkte med prest/diakon.
Sorggruppe: Samtalegruppe for dei som ynskjer å møte andre som også er i sorg. Ta kontakt med kyrkjekontoret eller diakonen om du ønskjer å delta på sorggruppe.
Sorgsamling: I løpet av året inviterast kyrkjelyden til sorgsamling. På samlinga får vi ei innleiing om ulike sorgreaksjonar, samt møte andre som har opplevd å miste nokon av sine nære.
Minnegudsteneste: På Helgemessesøndag, første søndag i november, inviterer kyrkjelyden til minnegudsteneste i både Os kyrkje og Nore Neset kyrkje. I denne gudstenesta vert namna på dei avlidne siste året lesne og det vert tent eit lys for kvar.