Vi stilte med svært varierande erfaring innan det å bake tynne lefser men vart godt rettleia av Randi Algrøy som er vår «faste» lesfeguru! Ho stilte også med to ulike deigar, med og utan anis i. «anis i lefse er berre heilt magisk» sitat frå ei ung lefsebakar!
Barn, ungdom og vaksne kjevla og steikte, og vi fekk erfaring i at masse mjøl er veldig viktig og at lefsene skal være så tynne at dei nesten er gjennomsiktig. Nokre lefser vart runde og fine, andre lefser ikkje så runde men fine likevel.
Det vart også rigga til for bløyting av lefsene og korleis smøre dei. Vi var 22 lefsebakarar i kjellaren denne kvelden og det er fint og oppleve god stemning latter og prat. Dei som kjem vil gjere noko kjekt saman med andre og opplever desse generasjonskveldane som eit godt fellesskap.
Det vart mykje prøvesmaking og likevel nok til at alle fekk med seg lefser heim.
Takk for ein veldig fin kveld!




Synnøve Elvina – diakon i Landro.
