I fastetida inviterer vi til fastetidssamling. Arrangement vil bestå i ei innleiing av soknepresten, før ein samtalar om kveldens tema. Vi legg opp til å halde fram i inntil ein og ein halv time.
12. mars kl. 19.00 i Indre Sula kyrkje.
I kyrkja skyldast ein ofte for å vere betre på å vere ueinig, enn å ha einskap mellom dei ueinige. Kateket Olav Rønneberg og sokneprest Anders Barstad samtalar om det å ha einskap på tvers av ueinigheit. Det blir også høve til samtalar i salen eller i grupper, og soknepresten innleiar med døme på ueinigheit i eit par typiske kyrkjelege stridsspørsmål.
Vi satsar på enkel servering med kaffe, te og kjeks.
Beste helsing,
Anders Barstad, sokneprest i Sula
