Tekst: Åsne Gullikstad
Foto: Håvard Bjelland
Tsion (12) og Gaba (13) smiler breitt medan klart vatn fossar ut av kranen ved vassposten her ved elveleiet. Dei fyller 20-literskannene med vatn på berre eit par minutt. Det går fort – og ikkje minst: Vatnet er reint.
For berre nokre månader sidan endra alt seg for familiane her i landsbyen Kutishafa i South Omo sør i Etiopia: Gjennom støtte frå Kirkens Nødhjelp har landsbyen fått reint vatn.

Tsion (12) kan no henta reint og rennande vatn kvar dag, takka vere vassposten og demninga som er bygd.
Blei sjuke
Før måtte venninnene grava med berre hendene for å finna vatn under sanden i den uttørka elvebotnen.
– Det tok lang tid, og vi fekk lite vatn, seier Tsion Melkamu.
Dei måtte grava hol i sanden slik at vatnet pipla opp, og deretter venta til vatnet var så klart som mogleg før dei auste vatnet over i kanna. Nokre gonger kunne prosessen ta halvannan time. Sidan det var lite vatn og tidkrevjande å henta, blei det lite vatn per familie.
– Det kom også mange kyr som drakk på same staden. Sidan vatnet var skittent, blei mange ofte sjuke, fortel ho.
Å henta vatn er jentene og kvinnene si oppgåve her. Å bruka så lang tid på å henta vatn fekk også ei anna konsekvens for jentene: Dei rakk ofte ikkje skulen etter å ha henta vatn om morgonen, og gjekk glipp av verdifull undervisning.
– No som det tek så kort tid å henta vatn, rekk vi skulen kvar dag, seier Gaba Roro. Både ho og venninna har lyst til å utdanna seg til helsearbeidarar.

Gaba (13) og Tsion (12) rekk skulen kvar dag no som det tek kort tid å hente vatn.
Demning
Kirkens Nødhjelp starta arbeidet med å skaffe reint vatn her i 2025, saman med den lokale partnarorganisasjonen Action for Development (AFD). No får 200 hushald, med til saman rundt 1780 innbyggjarar, tilgang til vatn i akkurat denne landsbyen.
Systemet er enkelt, men effektivt: Ei demning og ein brønn med ein vasspost.
– Dette er eit innovativt prosjekt for oss. Det er første gong i Kirkens Nødhjelps 52 år lange historie i Etiopia at vi gjer dette, fortel Gedewon Teka ved Kirkens Nødhjelps landkontor i Etiopia.
– Som regel kjem det regn i to månader, så ikkje meir. Resten av året er det tørt på overflata i elveleiet, så folk måtte grave etter vatn under bakken. Det vatnet er ikkje reint. Vi laga ei demning slik at når regnet kjem, stoppar vatnet her, seier han og peikar mot demninga.
Demninga held tilbake vatnet som kjem i den korte regntida, og vatnet spreier seg i alle retningar. Nokre meter unna er det bygd ein brønn som ligg lågare enn elva, og vatnet blir filtrert inn i brønnen gjennom sand og jord. Ei handpumpe er montert på vassposten.
– Sand og jord er eit perfekt filter. Mikrobar blir fjerna når vatnet blir filtrert gjennom sanden, og vatnet blir klart. Dette er reint vatn. Og vatnet er tilgjengeleg heile året her no, seier Gedewon Teka.
Tørka ut
Reint vatn har enorme ringverknader for heile samfunnet, fortel Gedewon Teka. Han trekkjer særleg fram to ting:
– Når folk får reint vatn i landsbyen på denne måten, sparer jenter og kvinner tid. Det gjer også at folk held seg friskare. Pengar dei kanskje brukte på medisinar før, kan dei spare no. Når dei er friske, kan dei også jobbe meir og gå meir på skulen, seier han.

Tsion og Gaba har fylt kvar si kanne med vatn som dei festar på ryggen for å bere heim.
På vegen heim viser dei oss korleis dei henta vatn før, like ovanfor demninga. Nede på den tørre elvebotnen set dei seg på kne og byrjar å grave. Dei må grave opp mykje sand før det til slutt dannar seg ein liten dam som dei kan ause frå. Like bak dei kjem kyrne for å drikke.
Sjølv om regntida nettopp er ferdig og det er grønt og frodig overalt rundt oss, er elveleiet tørka ut her.
– Når det verkeleg er tørt, må dei grave meir enn to meter, fortel Neway Abayneh i Kirkens Nødhjelps partnarorganisasjon AFD, som har gjennomført prosjektet.
Ein tredel av Etiopia er såkalla tørt område som dette, fortel Gedewon Teka.
– Det betyr at folk må kjempe kvar dag for å få nok vatn. Grunnvatn og overflatevatn er ikkje så utbreidd her. Sanddemningar er ei god løysing for å sikre vassforsyning i desse tørre områda, seier han.
Vasskomité
Jentene er naboar og bur om lag 15 minutt å gå frå vassposten. Heime hos Tsion er dei sju barn og to vaksne.
– Før henta vi berre ei 20-literskanne per dag, fordi det var så lite vatn og det tok så lang tid. No hentar vi seks til sju kanner kvar dag til familien. No har vi mykje meir vatn vi kan bruke til å vaske oss, vaske klede, drikke og lage mat med, fortel Tsion.
Heime hos Tsion dyrkar familien mais, bananar og papaya. Dei har også nokre dyr. Jordbruket og dyra er det dei lever av. Faren hennar, Melkamu Buku, reknar med å kunne dyrke meir no som dei har tilgang til mykje meir vatn.
Han er også leiar av vasskomiteen i landsbyen. Komiteen består av sju personar, og har fått opplæring i vedlikehald og drift. Dei samlar inn ei vassavgift på 10 etiopiske birr (70 øre) per månad frå kvar hushaldning. Pengane blir sette inn på ein konto og brukte til vedlikehald og reparasjonar.
Held fram
No som systemet er etablert, har Kirkens Nødhjelp og partnaren AFD overlate drifta til vasskomiteen. Forankringa i lokalsamfunnet og hos dei lokale styresmaktene er svært viktig for Kirkens Nødhjelp og partnarorganisasjonane, påpeikar Gedewon Teka.
– Når vi startar kvart prosjekt, må det godkjennast skriftleg av styresmaktene på regionalt nivå, seier han.
Deretter blir det arrangert arbeidsmøte med regionale og lokale styresmakter og representantar for lokalsamfunna. Etter det samlar Kirkens Nødhjelp og partnaren vår representantar for lokale styresmakter og lokalsamfunnet og diskuterer kva som trengst av bidrag frå alle partar. I dette tilfellet var det behov for å utvide ein sti slik at bilar kunne køyre inn til demninga, og det sørgde lokale styresmakter for.
– Det er viktig at lokalsamfunnet har eit eigarskap til prosjektet, og det får dei når dei bidreg sjølve. Når vi trekkjer oss ut, held dei det i gang vidare. No seier folk i lokalsamfunnet her at denne demninga er deira, seier Gedewon Teka.
Tsion (12) sit ved vassposten som gir landsbyen tilgang til reint og trygt drikkevatn.
