Vil du bli fast gjevar og få frådrag på skatten?

Førde kyrkjelyd, altså alle vi menneska som høyrer til i kyrkja, er ei stor og samansett gruppe. Vi har eit godt og variert arbeid for dei fleste aldersgrupper. Gjennom eit år er meir enn 30.000 personar innom kyrkja, og i tillegg kjem alle som er med på ulike aktivitetar og samlingar på Førde kyrkjetun, det gule huset vårt rett ved kyrkja. Vi ynskjer å vere ei levande kyrkjelyd midt i byen vår. Vi ynskjer å vere til stades, og vi vil gjerne bety noko både for enkeltmenneske og lokalsamfunn. Du kan vere med å støtte dette arbeidet, gjerne ved å teikne ein fastgjevaravtale.

Publisert:

Vil du bli fast gjevar og få frådrag på skatten?

Prosjekt Kraft
er ei nysatsing for unge og unge vaksne i regi av Førde kyrkje. I Kraft skal unge få utfalde seg i gode fellesskap, bli bevisst sin unike verdi og finne håp for framtida i lys av den kristne trua. Her er tilbod om ulike aktivitetar som gospelkor, leiartrening, kunstgruppe, gudsteneste for unge, med meir. Hausten 2025 vert det oppstart av ein fredagsklubb for 10. klassingar. Kraft vil også vere tilstades for unge i sentrum ein dag i veka i Galleri Normisjon sine lokale. Gåvemidlar går til måltid, ekskursjonar og utstyr med meir. Tusen takk for alle bidrag!

Fastgjevaravtale
I "nettbutikken" vår her kan du velje prosjekt og sum, og bestille avtalegiro. Hugs å krysse av for skattefrådrag om du ønskjer at vi skal rapportere gåva til skatteetaten. I 2025 får du skattefrådrag på 22 % for gåver gitt gjennom året med ei samla verdi frå 500,- til 25.000,-. Det betyr at du kan få inntil 5.500,- i frådrag ferdig utfylt i skattemeldinga di.

Ønskjer du å seie opp den faste betalingsavtalen, ta kontakt med Førde sokn på e-post post.forde@sunnfjordkyrkja.no

Du kan også gje ein eingongssum på Vipps til #93395 Førde kyrkje/sokn-offer&gåve. Viss du gjev minst 500 kroner til saman i løpet av skatteåret og samtykke til det i Vipps, vil gåva bli meldt til Skatteetaten. Dette gjeld også kyrkjeoffer viss du samtykker til skattefrådrag.

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"