Browseren din har feilaktig blitt gjenskjent som en bot utifra User-agent verdien = Mozilla/5.0 AppleWebKit/537.36 (KHTML, like Gecko; compatible; ClaudeBot/1.0; +claudebot@anthropic.com) . Vi hadde satt stor pris på om du kunne sende denne feilmeldingen til: skjeri@kirken.no slik at vi får fikset dette for deg og alle andre med samme browser
Kyrkjelydane i «Sunnfjordkyrkja» samarbeider om eit felles opplegg Tid for tru som startar oskeonsdag. Deretter fire torsdagar fram mot påske.
Tid til ettertanke, bøn og fellesskap.
Vi oppmodar folk om å krysse grenser og ta turen til kyrkja i nabo-sokna.
Myldrekyrkje med myldregudsteneste er eit tilbod som har vore prøvd ut i nokre gudstenester i Sande. Erfaringane har mest vore gode. Ei myldregudsteneste er for heile storfamilien og alt som skjer skal vere for alle – på tvers av generasjonar. Filosofien er at om barna har det kjekt har også dei andre det kjekt. Og slik har det fungert. I haust vart myldregudsteneste også prøvd ut i ei gudsteneste i Viksdalen og ei i Bygstad. Det vart kjekt!
Treng du nokon å prate eller chatte med? Du kan ringe eller sende e-post til oss i Sunnfjordkyrkja for å avtale ein samtale lokalt. I tillegg finst det døgnopne, anonyme samtaletilbod på chat eller telefon for vaksne, barn og ungdom. Du er ikkje åleine, og det kan hjelpe å snakke om det.
Sorggruppe er eit tilbod til deg som har mista ein nærståande. Støttegruppa vil vere ein stad der du kan dele tankar og erfaringar med andre som opplever liknande situasjon. Ein stad der sorg og sakn kan få plass – men også håp og livsmot. Oppstart måndag 22.september. Påmelding innan 15.september.
Visste du at du kan kjøpe fiskekort hos Gaular sokn og fiske i elva nær Sande kyrkje? Ta kontakt med Bjarne Horsevik, tlf. 412 29 762 for meir informasjon. Pris: kr.500 per døgn.
Kyrkjelydshuset står ved sida av Sande kyrkje. Her er god plass til mange slags arrangement. Vi har wifi, lydannlegg, prosjektor og skjerm. Kjøkkenet er nytt, stort og velutstyrt. Flygelet kan du òg bruke mot eit tillegg i prisen.
Det finst kjærleikssorg, sorg for eit havarert samliv, sorg over helseproblem, over at ein må flytte eller er utan arbeid, at ein mistar eit kjæledyr – lista er lang. I denne artikkelen som først vart publisert i Kyrkjebladet for Gaular er det sorgen over å miste ein person som har betydd mykje for ein vi vil fokusere på.
Sorg kan kjennes som ein knekk i livet som ein ikkje alltid ser korleis ein skal reise seg frå. Men det går an – slik bjørka på bilete minner oss om. Men spora vil alltid vere der. Som arr etter sår. Etter ei tid kan ein kanskje berøre såret og arret utan at det byrjar å blø kvar gong?
Kraft er eit nystarta felleskap i regi av Førde kyrkje for unge i alderen 15 år og oppover til og med unge vaksne. Følg kontoen vår på Instagram: @kraft.ung og på Kirkesnappen for info om det som skjer.
I høve orgeljubileet i 2023 ynskjer ein å få realisert planane om restaurering og utviding av orgelet med ei 4 fot prinzipal-stemme. Prosjektet har kostnadsramme på kr. 207.000.- eks. mva. Innsamling starta i 1993. Totalt inkomt beløp: kr. 120.000,-.
Kr. 87.000,- gjenstår å samle inn.
Vi oppfordrar lag, organisasjonar og enkeltpersonar i heile soknet om å bidra med gåver til arbeidet.
Bankkontonr. 3705.40.68353 (merk betaling med "orgel Viksdalen")
eller Vipps #768919 kan nyttast ved innbetaling.
Gåva vil bli brukt til å gjere det finare i kyrkja eller ved gravplassen utanom det som er vanleg drift og vedlikehald. Gåva kan ikkje nyttast til enkeltgraver. Betal med Vipps eller kontonr. 3705.40.68353. (Merk med «Blomefond» og kyrkjestad ved betaling til kontonummer)
Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:
Se instruksjoner for din nettlester under:
Internet explorer
Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"
Chrome
Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista
Firefox
Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert