Lys vaken - minileir i kyrkja 8.-9. november 2025

Det er ein fin gjeng med 5. og 6 klassingar som er påmeldt Lysvåken i år. Leiren startar med fellessamling kl 16. Dørene er opne for registrering frå kl 15.30. Viktig at alle har spist middag eller anna mat før dei kjem, for vi har ikkje måltid (taco) før seinare på kvelden. Minner også om at det på søndagen er gudsteneneste kl 11 med gjenbruksbasar etter gudstenesta (fint om alle har med ein gevinst til dette). Hyggeleg om foreldre/familie kjem til dette.

Publisert:

Lys vaken - minileir i kyrkja 8.-9. november 2025

Program for leiren
Laurdag
Frå 15.30: Registrering
16.00: Bli-kjent/fellessamling
17:15: Gjenbrukskunst eller aktivitet i hall
18.45 Tacokvelds
20:30: Leirkveld med leikar inne og bålpanne ute.
22.30: Kveldsavslutning

Søndag: 
8.30: Frukost
9.00: Førebuingar til gudsteneste
         Fritid 
11:00: Gudsteneste der familie og andre kan komme
12:00: Kyrkjekaffe med utlodning til inntekt for kyrkjelydens prosjekt i Egypt.


Dette må du ta med på leir:
Lommelykt om du har
Ein liten premie til utlodninga søndag (helst noko brukt heimafrå som andre kan ha glede av)
Sovepose og liggeunderlag (og eventuelt pute)
Tannbørste og pyjamas
Varme klede (til å vere ute)
Innesko dersom du skal vere med på idrettsaktivitet i hall
Godteri for ca 20 kr til å dele (vi samlar inn slik at vi deler med kvarandre)
NB! Ikkje ta med godteri med nøtter pga nøtteallergi
Mobilar som er med, blir oppbevart i mobilhotell under leiren.

Gleder oss til å vere ilag med dykk. Velkomen til leir! 

Vennleg helsing trusopplæringsutvalet og speidargruppa i  
Kyrkja i Jølster v/kyrkjelydspedagog Silje Sørebø, tlf 47399492

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"