SPIREN ER:
• Song, musikk og rytmer for dei minste.
• Ein møtestad for barn og vaksne
• Tid til prat, leik, avslapping
• Songar med kristent innhald, barnesongar og voggesongar frå gamle tider og nokre av nyare dato
SPIREN ER IKKJE:
• song-konkurranse. Syng med di eiga stemme! Barnet ditt elskar akkurat di stemme.
Spiren er ein del av Trusoppplæringa /kyrkja sitt arbeid i Naustdal/Vevring. Samlingane er opne for alle som ynskjer ta del.
Vi ynskjer at Spiren skal være ein god og trygg stad å vere for store og små.
Vi har gode matter som borna kan ligge på, men ta gjerne med eige teppe i tillegg. Ta gjerne med matpakke! Vi serverer te/kaffi/vatn.
Musikk er viktig for barnet si utvikling, både kroppsleg, emosjonelt og sosialt. Barnet har opplevd rytme og rørsle heilt frå starten. Barnet har høyrt stemmer, lydar, musikk. Etter at barnet kom ut i verda, kan kan han/ho få oppleve dette på ein annan og meir direkte måte.
Facebook-gruppe: Babysong Spiren Naustdal. Søk opp gruppa og bli medlem!
Datoar for babysong «Spiren» hausten-2025
August: 20.
September: 3. og 17.
Oktober: 1. 15. og 29.
November: 12. og 26.