Naustdal Barnekor

Barnekoret i Naustdal blir denne hausten for 2. klasse og oppover. Det er Erlend Os (organist i kyrkja i Naustdal og Vevring) og Silje Sørebø (kyrkjelydspedagog) som leiar øvingane.  Vi syng og leikar ilag og songvalet ber preg av at det skal vere lystbetont 😊  Øvingene er onsdager kl. 13.10 til 13.50 på kyrkjelydshuset. Ca 1 onsdag i månaden blir det øving kun for dei eldste (4. klassingar å oppover), medan vi dei andre onsdagane har alle kulla samla.  Denne hausten skal vi øve fram mot konsert med Lisa Børud som vi skal ha i Førdehuset 28. oktober i lag med barnekora i Førde og Jølster. Lisa Børud er pop/rockeartist og har også gitt ut fleire album med kristen barnemusikk. I 2017 kom ho på 4. plass i stjernekamp. Vi trur at dette skal bli ein kjekk og inspirerande oppleving for borna. 

Publisert:

Velkomen til barnekor! Foto: Arne Kleiva.
Velkomen til barnekor! Foto: Arne Kleiva.

Viktig info: 
Første øving blir 27. august, altså den andre skuleveka. Vi  kjem til skulen kl 13.00  og hentar dei barna som er påmeldt (barn der vi ikkje har fått påmelding frå foreldre kan ikkje vere med). Vi fylgjer barna tilbake til SFO når øvinga er ferdig.

NB! Vi må ha påmelding med kontaktinfo til foreldre FØR første øving (dette er viktig både for oss og SFO). Også dei som har vore med før, må sende påmeldig på at dei blir med også dette skuleåret. Påmelding skjer ved at de registrerer barnet dykk via denne linken https://n9.cl/2hu35l eller nyttar denne QR- koden. 
Det er berre mogeleg å begynne i koret i løpet av dei tre første øvingane (vi tar ikkje inn barn midt i semester). Neste opptak blir i januar.

Vi kjem dette året til å nytte SPOND slik at det kan vere lettare for foreldre å fylgje med i informasjonen. Last ned Spond- appen på mobilen og skriv inn gruppekode KAUYJ. 
Koret er medlem i KFUK-KFUM, og det blir ein (symbolsk) medlemskontingent.

Foreløpig haustprogram: 
Onsdag 27. aug- første øving
Onsdag 8. okt - haustferie
Søndag 19. okt – opptreden på familiegudstenste i Naustdal kyrkje
Tysdag 28. okt – konsert med Lisa Børud i Førdehuset
5. nov blir det ikkje øving, men då er 5 klassingar invitert på trusopplæringsarrangment på kyrkjelydshuset.
Onsdag 26. nov – minikonsert på kafeen på kyrkjelydshuset ( i øvingstid)
24. des – opptreden på julaftangudsteneste i Naustdal kyrkje
Desse onsdagane blir det øving kun for 4 klassingar og oppover: 10. sept, 1. okt, 3. des
Ta kontakt om det er noko de lurer på 😊 

 

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"