Variert kvardag som kyrkjeverje

Det var nok ikkje slik at Maria Nese Taxerås som barn gjekk og drøymde om ein dag å kunne jobbe som kyrkjeverje. Men ho har alltid vore veldig glad i å møte menneske. Akkurat difor passar det perfekt at ho kapra denne jobben.

Maria kirkeverge kvadrat.jpg

- Eg hadde jobba med trusopplæring i to år da kyrkjeverjestillinga blei ledig. Eg blei sterkt oppmoda til å søke, tok utfordringa og fekk jobben, seier trettiåringen.

Menneskemøte
Taxerås har ein bachelor i Religion, etikk og kultur, samt ein bachelor i journalistikk. Det at ho enda opp med å jobbe i Den norske kyrkja, var inga sjølvfølge.
- Eg kom ny til bygda og vart spurt om å delta på ein kristen ungdomsfestival. Eg hadde tidlegare arbeidd på Rema 1000, samt at eg hadde jobba nokre år innanfor helse. Men etter å ha delteke på festivalen, blei eg oppmoda til å søke på jobb innan trusopplæring, seier Texerås.
Ho opplever at det å jobbe i kyrkja gjev ei mogelegheit til å gjere ein forskjell i livet til folk.
- Dette opplevde eg også då eg jobba på Rema 1000 og i heimesjukepleia. Alle tre stadene opplever eg som spannande arbeidsplasser, då ein møter mange menneske i løpet av ein arbeidsdag. Arbeidet gjev høve til å prate med menneske, sjølv om det ofte er snakk om små møte. Menneskemøta er det viktigaste for meg, og det er det eg set mest pris på med jobben som kyrkjeverje også, seier Taxerås.

Ho trekk også fram møte med dei andre tilsette i kyrkjelyden. Ho meiner det er eit særs godt samhald blant dei kyrkjelege tilsette.

Dei frivillige sitt engasjement
Stillinga som kyrkjeverje er allsidig. Taxerås har ansvar for alt av økonomi i kyrkjelyden, i tillegg har ho ansvar for vedlikehald av kyrkjebygg, fleire oppgåver knytt til gravplass, ho har personalansvar, står for kommunikasjonsarbeid og ho er sekretær for soknerådet.

- Eg skal passe på at alle har det bra på jobb og at alle arbeidsoppgåver blir gjort på en god måte. I tillegg skal eg administrere dei frivillige. Det hadde nesten vore lettare å seie kva eg ikkje har ansvar for. Men eg synes det er gøy å ha den oversikta og kontrollen på alt. Eg lærer noko nytt kvar dag.

- Om du hadde slutta i jobben, kva frå din arbeidskvardag trur du at du ikkje ville ha funne igjen ein annan stad?

- Eg trur nok du skal slite med å finne igjen det enorme engasjementet frå frivillige. I tillegg set eg stor pris på å jobbe i ei kyrkje som har ein så stor plass i folk sitt liv. Vi møter folk heilt frå dei er nyfødde – og vi er der fram til dei blir gravlagde. Det er nok få andre arbeidsstader som i så stor grad pregar så mykje av folk sitt liv, seier Taxerås.

Maria Nese Taxerås sine topp tre grunnar til å jobbe som kyrkjeverje:
- Ein fantastisk arena for å møte mange nye og spanande menneske.
- Å få jobbe med noko som er gjevande, der du får noko igjen.
- Å få jobbe for å føre vidare tradisjon og tro.

- Det største plusset ved jobben min, er at eg har arbeidskvardagar som inneber menneskemøte. Eg får jobbe i ei kyrkje som betyr mykje for menneske med ulik bakgrunn og forskjellig alder. - Maria Nese Taxerås