Ungdomsarbeidar - ein draumejobb

Ungdomsarbeidaren Amund i Sædalen og Birkeland ønsker at ungdommane han jobbar med skal oppdage bibelens rikdom.

Amund Nyhammer Hosøy jobber som ungdomsarbeider på fulltid i Birkeland og Sædalen kyrkjelydar i Bergen. I hovudsak er det KRIK, ungdomsklubb, Ten-Sing, Ten-klubb, bibelgrupper, leirer og lederkurs som er arbeidsoppgåvene hans. 
- Mitt ansvar er både å forkynne evangeliet på måter som er livsnære og aktuelle, og å skape gode sosiale arenaer der ungdom kan vere seg sjølve.

Inviterer med seg ungdommer
Han brukar også mykje tid på kontoret til å førebu andakter, planlegge aktiviteter, og ikkje minst ha kontakt med ungdommane. Dei treng ofte nokon som masar litt for at dei skal bli med på det som skjer i kyrkjelyden.

- Det er ikkje alltid like kjekt å vere den som masar, særleg når responsen lar vente på seg. Men det er viktig at dei får invitasjonen, og eg sender gjerne individuelle meldingar på SMS og Facebook for å få dei med, fortel han.

Hosøy har utdanning frå NLA Høgskolen i Bergen. Ein bachelor-grad i Praktisk teologi og leiing, og ein master i Teologi og kyrkjelydsarbeid. Dette er praktisk teologiske utdanningar, som mellom anna kvalifiserer til kateketstillingar.
- Eg tok den utdanninga fordi eg ønskja å studere Bibelen, utan planar om å bli prest, fortel ungdomsarbeidaren.

Han fekk deltidsstilling der ved sida av studiene, og då han var ferdig utdanna oppretta kyrkjelyden ei ny stilling med Amund i tankane. Det er ein prosjektstilling som tar sikte på å styrke arbeidet for ungdom og unge vaksne i denne delen av kommunen.
- Det var ein jobb eg ikkje kunne sei nei til!

Motivasjon og meining
Amund synes det beste med jobben er å få forkynne og lese i Bibelen saman med ungdom. Variasjonen på aldersgruppene han arbeider med gjer at han heile tida må variere stil og innhald i andaktene mine.

-Når dei oppdagar bibelens rikdom for første gong så blir eg minna om då eg sjølv byrja å lese Bibelen i ungdomstida. Forkynninga klarar aldri å fange djupna i bibelens ord. Likevel er eg særs glad i å forkynne.

Ein episode hugsar Amund veldig godt. Han las i romarbrevet og hadde snakka om rettferdiggjering ein kveld med nokon av dei eldre ungdommane han møter i jobben.
- Då det gjekk opp for dei at frelsa ikkje kvilte på deira gjerningar, var det som om det gjekk opp eit lys i augo deira. Dei var alle kyrkjevande, og hadde nok høyrd det før, men først no las dei tekstane og tok seg tid til å undre seg over kva det tydde. Å få lov til å følgje dei gjennom ei slik oppdaging var heilt vidunderleg.

Ein annan gong kom ein gut bort etter ungdomsklubben og sa at han var så glad i å vere der, for der kunne han vere seg sjølv utan å vere redd for kva andre meinte om han.
- Slike tilbakemeldingar er svært gode å få, og gjer meg motivasjon og meining i jobben, avsluttar Amund.

(Foto: Morten Wanvik)

Dette intervjuet ble skrevet våren 2020, i løpet av sommeren byttet Amund jobb, og han er nå tilknyttet Ukirke i Stavanger.