Leiar- og administrative stillingar

Kyrkja er ein stor arbeidsplass om også krev god leiing og økonomistyring. Det er fleire mogelegheiter til ulike spanande kontor- og fagjobbar i kyrkja.

Leiarstillingar og administrative stillingar

Innan administrasjon og leiing er det mange ulike stillingar. På eit kyrkjekontor kan stillingstitlane vere kyrkjeverje, dagleg leiar, kontorleiar, fagkonsulent og kontorsekretær. Men det er og ulike stillingar innan rådgjeving, administrasjon og leiing på eit bispedømekontor og i Kyrkjerådet. 

Kyrkjeverje 
Ein kyrkjeverje har ei sentral leiarstilling i Den norske kyrkje på lokalt plan, og er tilsett av eit kyrkjeleg fellesråd, som er eit folkevalt organ i Den norske kyrkja. Ansvarsområda for kyrkjeverja er mange. Det er økonomi, drift og personalforvalting av kyrkjebygg og gravplassar, strategi, plan – og utviklingsarbeid 

Kompetanse:  
Stillinga som kyrkjeverje krev høg kompetanse innan fagområde som leiing, økonomi, forvalting og administrasjonAnna relevant kompetanse kan vere utdanning innan pedagogikk, teologi, diakoni og praktisk-kyrkjelege fag. 

I tillegg til god formell utdanning er leiareigenskapar naudsynleg, til dømes å vere flink til å organisere og administrere. Gjennom ei veke møter kyrkjeverja menneske i ulike situasjonar, dette krev gode sosiale eigenskapar. Det er og ein føremon med erfaring frå anna kyrkjeleg arbeid og god kunnskap om Den norske kyrkje som organisasjon. 

Andre stillingar innan kontor og administrasjon  
Det er mange stillingstitlar som skildrar ein som er tilsett i administrasjonen på eit kyrkjekontor. Det kan vere kontorleiar, dagleg leiar, kontorsekretær, konsulent med meir. denne framstillinga nyttar vi tittelen kontorleiar som samleomgrep for administrative stillingar. 

Ein kontorleiar har som regel ansvar for den daglege drifta av kontoretDei daglege oppgåvene på eit kyrkjekontor er mange og varierteVanlege oppgåver kan vere sakshandsaming, delta i møter i sokneråd og i ulike utval, delta på og lede stabsmøter, skrive referat, svare på telefon og e-post med meir. Kyrkjeverja vil normalt vere næraste overordna for kontorleiaren. 

Gode kunnskapar og ferdigheiter innan data er viktig, samt god munnleg og skriftleg kommunikasjon.  

Kompetanse: 
Ei stilling innan administrasjon krev normalt kunnskap innan data, økonomi oadministrasjon. Det er og nyttig med grunnleggjande kunnskap innan kyrkje og teologi, til dømes kyrkjelydspedagogikk og kristendom og teologi. 

Ein kontorleiar må ha evne til å arbeide raskt og nøyaktig, og kunne arbeide sjølvstendig og systematisk.