Vigsling av ny biskop i Bjørgvin

Søndag 16. april vert Ragnhild Jepsen vigsla til ny biskop i Bjørgvin bispedøme. Du kan følgje vigslingsgudstenesta frå Bergen domkyrkje digitalt her.

Ragnhild Jepsen vigsles til biskop i Bjørgvin 16. april. Foto: Gyrid Cecilie Nygaard.

Ragnhild Jepsen vert vigsla til biskop i Bergen domkyrkje 16. april.

Det skjer i ei gudsteneste der Hans Majestet Kong Harald V, fleire regjeringsmedlemmar, biskopar og kyrkjelege representantar frå inn- og utland deltek.

Du kan sjå vigslinga digitalt her.

Kyrkjerådet tilsette Ragnhild Jepsen som ny biskop i Bjørgvin 9. februar i år. Ho har i fleire år vore domprost i Nidarosdomen. Ho er oppvaksen i Ål i Hallingdal.

Som biskop i Bjørgvin vert ho både biskop for alle sokna i Vestland fylke og dei norske kyrkjene i utlandet (Sjømannskyrkja). Visjonen for biskopen og bispedømet er «Saman vil vi ære Den treeinige Gud – ved å forkynne Kristus, byggje kyrkjelydar og fremje rettferd».

Kva er vigsling?

Når ein biskop skal tiltre si nye rolle, blir dette gjort gjennom ein høgtideleg vigslingsseremoni. Her gir den nye biskopen sine løfte og ho vert beden for. Det skjer i samband med ei gudsteneste i domkyrkja.

Det blir ei festgudsteneste med mykje song og musikk. Bergen domkirke sitt jentekor, Bergen domkor, messingblåsarar og domkantorane Kjetil Almenning og Sigurd Øgaard bidrar.

Fyrst framstiller leiaren i bispedømerådet Vemund Atle Øiestad den nye biskopen. Preses Olav Fykse Tveit (den leiande biskopen) held ein tale før den nye biskopen skal gje sitt løfte, som blir stadfesta med eit handtrykk.

Etter handtrykket kneler den nye biskopen og blir beden for. Fleire biskopar frå Den norske kyrkja og andre kyrkjer, i tillegg til andre medverkande legg handa si på den nye biskopen. Deretter held den nye biskopen si fyrste preike.

Gudstenesta er open. Det er reservert plass til inviterte gjester, medverkande og presse. I tillegg er det plass til andre som ønskjer å vera til stades. Gudstenesta vert strøyma på nett.

Tingingsverket «Sunniva kongsdotter» av Knut Vaage som tek utgangspunkt i hymna til martyren St. Sunniva, vert framført som ei gåve til biskop Ragnhild Jepsen.

For presse

Pressa er velkommen til å delta i vigslingsgudstenesta 16. april. På grunn av tryggleik, må alle deltakarar vere akkreditert. Skrivande presse vert plassert bak i kyrkja.

Påmelding: Send påmelding med namn, e-post og telefonnummer til ee457@kirken.no innan 14. april.

Kontaktpersonar: Kommunikasjonsdirektør i Kyrkjerådet Emil Engeset: 47906092 / ee457@kyrkja.no og kommunikasjonsrådgjevar hos Statsforvaltaren i Vestland Edvard Høgestøl: 91383573 / edvard.hogestol@statsforvalteren.no

Sjå sending frå vigslinga her

Arrangementet startar søndag 16. april kl 11.00.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"