Påskevandring - eit tilbod til alle kyrkjelydar

Å gå i Jesu fotspor mot krossen - frå stasjon til stasjon – er ein gamal tradisjon. Kyrkja i Sogndal tilbyr no sett med 14 plansjar til to ulike vandringar som kyrkjelydar kan bruke utandørs eller innandørs både no i koronatida og elles. Seriane finst på både bokmål og nynorsk.

Ein av Magne V Kristiansen sine illustrasjonar frå håpsvandringa Via Lucis som no kan kjøpast av alle kyrkjelydar.

Krossvandring

Krossvandring - der ein går i Jesu fotspor mot krossen - frå stasjon til stasjon – er ein gamal tradisjon i tida rundt påske. I 2021 er det laga ein heilt ny serie med 14 plansjar med bibeltekstar og nye bilete til ei slik krossvandring.

Les meir om VIA DOLOROSA her (pdf som også viser alle postane) eller gå direkte til bestillingsskjema.

Håpsvandring

Ein nyare tradisjon er å gå i lyset frå Jesu oppstode. Vandringa VIA LUCIS (lysvegen) har også 14 stasjonar, men fokuserer på lyset og håpet frå Jesu oppstode. Denne vandringa vart laga i fjor og mange kyrkjelydar nytta denne frå påskedag 2020 og fram mot pinse denne våren då det var avgrensa høve til å feire gudstenester.

Les meir om VIA LUCIS her (pdf som også viser alle postane) eller gå direkte til bestillingsskjema.

Det er Balestrand sokneråd som formidlar desse vandringane og sel to seriar med plakatar. Kvar serie har 14 stasjonar og ein velkomen-plakat. Vi gjev ut kvar serie på nynorsk og bokmål. Plakatane har eit kunstbilete laga av Magne V. Kristiansen. Tekstane er frå Bibelselskapet sin nye serie "Lett å lese". Plakatane er framstilt på kraftig plastfolie i A3-format. Plakatane er laga for utandørs bruk ved at dei både er vassekte og lysekte. Plakatane kan til dømes festast på plater/stolpar som kan plasserast rundt ei kyrkje, ein gravplass, i ei naturløype el.l. Kvar serie kostar kr 2500,- eks mva. Frakt kjem i tillegg.

Dersom det blir overskot på salet, vil soknerådet dela det med misjonsprosjektet sitt for NMS i Mali.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"