Fasteretreat i Bergen

Retreat Bergen ønskjer velkommen til retreatkveldar i fastetida, tirsdag 17. og torsdag 19. mars, begge dagane kl. 16:30-20:30. Det blir også kveldsretreat 22. april.

Fasteretreat i Bergen

På fasteretreaten blir det servert middag. Difor må ein melda seg på.  Påmeldingsfristen er 10. mars. Meld deg på ved å sende e-post til Bård Haukedal: bh536@kyrkja.no. Passar det berre å delta ein av dagane, så gje beskjed om kva dag du kjem ved påmelding. Gje også beskjed seinast 10. mars dersom du har diettbehov.

Pris: 150 kroner per retreatkveld. Dette inkluderer middag og kaffi. Beløpet betalar du kontant eller på VIPPS når du kjem.

Sjå program for retreat i fastetida nedst på sida.

Kveldsretreat

onsdagar kl. 18-21:

  • 22. april
  • (Eit tidlegare tillyst retreat i mai er avlyst pga oppussing på Søsterhjemmet)

På kveldsretreata startar det med opning og impuls i kapellet og held fram med stille måltid, ein bibelmeditasjon, bønnevandring og enkel gudsteneste med nattverd i kapellet. Høve til samtale. 50 kroner for maten. Det er ikkje nødvendig med påmelding.

Praktisk informasjon

Søsterhjemmet, Ulriksdal 8.  Gå under bogen i sørenden av Haraldsplass Diakonale Sykehus. Ta første dør på venstre side.

For retreat andre stader i landet, sjå www.retreater.no

Retreat er noko for deg som ønskjer:

  • ein nærmare relasjon til Gud
  • impulsar i ditt bøneliv
  • samanheng mellom kvardagslivet og trua

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"