Synleg kyrkje

Idear - tiltak i kyrkjelydane som kan gjennomførast i koronatida.

Vandring for 4-åringar i Nedstryn. Foto: Martine Bø Solbakken

Generelle stadar å finne gode tips (og å sende inn gode idear de har): 

Har du fleire idear, del dei gjerne med oss på skjema nedst på sida.

Smittevern

Ulike idear passar ved ulike grad av smittevernstiltak. Ved mykje smitte – er det heller ikkje lurt med samlingar utandørs. Men folk kan ta del åleine eller i mindre kohortar (familie, ei lita vennegruppe, barnahagekohort, skulekohort). 

Utsending eller utdeling  

Kyrkjeblad eller nettsider

Skrive inn liturgiarbønersongarandaktar, og tips til aktivitetar tilpassa ulike aldersgrupper. Altså å gi innhald heller enn informasjon, og legge til rette for at bladet og nettsidene kan formidle tru og å dele tru i heimen. Dersom ein del av bladet har eit tidlaust preg over seg, med aktuell støtte til heimen, kan det “nappast” ut og tas vare på. 

Julehelsing, nyttårshelsing eller anna til heimane

Eit kort eller brev med gode ord – gode tips og idear. Gjerne eit fint bilete med ei bøn som kan hengast opp, eller nyttast som bokmerke. Ein kan sende ut ei god bok til eit årskull eller to, eller til heimar med barn i ein viss alder. Ein kan også tenkje fulldistribusjon dersom ein har noko ein meiner har stor verdi for folk å få. Det er truleg ikkje alle kyrkjelydane som har fått nytta alle budsjettpostar i året som har gått. IKO har ei ordning for å sende ut direkte. Ein kan også tenke distribusjon slik ein gjer med kyrkjelydsblad. 

Julekrubbe og vandringar

Sett opp ei julekrubbe ute eller inne (ved eit vindu) og inviter folk til å sjå den.  Krubba kan vera eit eineståande tiltak eller del av ei løype med fleire postar.  Det går an å ha plakatar med QR-kodar som gjev lenke til nettsider, videoar og liknande.

Bønes: Utandørs vandring for barnehagar. I staden for kostymer nyttar ein laminerte bilete av englar, hyrdar osv på pinnar. Desse blir sprita mellom bruk. Vi lagar også ei julekrybbe ute, som er siste stasjon i vandringa. Undervegs kan barna henge opp englar i ein engleskog (dersom dei har laga det i barnehagen). Det blir sikkert tidvis kalde vandringar i øs-pøs-regn, men det tålar vi. Barnehagene er vant med å vere ute i all slags vær. 

Eidfjord Konkurranse – spele inn eller illustrere ein del av juleevangeliet på video/bilde/plakat el.l.  Til bruk ved julekrybbe. 

Nordstrand kirke i Oslo: Stall ute med aktivitetar.

Stryn: Bokutdeling i postkasse og skattekartløype ute ved kyrkja. Kvar familie fekk eit skattekart som viste vegen til ulike postar ute på kyrkjegarden. Der møtte dei ulike oppgåver og opplevingar,- og ikkje minst den spennande skattekista. Alle barn fekk med seg ein skatt heim

Ullensvang: Rebusløype rundt kyrkja   

Adventskalender på video

Bømlo: Adventskalender på nett. 

Søreide: Adventskalender for små born på nett.

Utandørs grillmiddag

BønesUtandørs familiemiddag med grilling og samlingsstund.  

Alternativ til avlyste samlingar i trusopplæringa

Eidfjord: Krøllefest for 2-åringar vart avlyst. I staden køyrer ein ut gåvepakkar.

Førde: Fakkeltog i staden for lysmesse for konfirmantar

I år er tanken å ta med lyset frå kyrkja og ut i byen ved at konfirmantane går i fakkeltog. – Først vil vi seie litt kort om kvifor vi gjer dette, så gå ein runde, og så avslutte med Vår far og velsignelsen. Vi kan ikke samle foreldre for å sjå på (det er lov med 200 på utandørsarrangement og vi har 150 konfirmantar), men vi har utfordra foreldra til å være kreative. Dei kan følgje med frå bilen, stove- eller kontorvindu, eller ute i løypa der det ikkje er så mange andre foreldre, fortel kateket Heidi Voltersvik Styve i Førde.

Eit anna alternativ kan vera å arrangera lysmesse berre for konfirmantar, men filma den, så foreldre, familie og andre kan sjå på. 

Søreide: Juleverkstad i heimen. I staden for å møta opp til juleverkstad i kyrkja, kan ein kjøpa pakkar med materiell som ein hentar for å ha juleverkstad heime.

Tidebøn, opne kyrkjer og tekstar til åndeleg liv

Med strenge grenser for kor mange som kan vera i kyrkja på same tid, er det likevel mogeleg å ha opa kyrkje med tidebøn eller lystenning. Dette krev kontroll med kor mange som er inne i kyrkja til ei kvar tid.

Fjaler: Hefte med bøner og bibelord i ei tid utan samlingar

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"