Vennskapsbesøk frå Newcastle

27.-31.mai var bishop Helen-Ann med følgje på besøk i Møre bispedøme. Vi fekk vise fram deler av bispedømet, og lærte av kvarandre. Kristi himmelfartsdag vart det underteikna ein ny vennskapsavtale på Grip.

Publisert:

Dean Lee Batson, bishop Helen-Ann, biskop Ingeborg Midttømme, domprost Grethe L. Johnsen viser fram de signerte avtalene foran alteret i Grip stavkirke.
Dean Lee Batson, bishop Helen-Ann, biskop Ingeborg Midttømme, domprost Grethe L. Johnsen viser fram de signerte avtalene foran alteret i Grip stavkirke.

I 25 år har Møre bispedøme og Newcastle bispedømme (Den angelikanske kirke) vore vennskapsbispedøme. I samband med at Newcastle fekk ny biskop i 2023, var det no på tide å fornye avtalen. Det skjedde etter ei gudstenesten i Grip stavkyrkje på Krisit himmelfarstdag. Der tok preses i Den norske kyrkja Olav Fyske-Tveit og del. 

Resten av veka var det eit bredt sammansatt program. Tirsdag var ein i Rauma, og fokuset var kyrkjas rolle i samfunnet. På eit møte på Eggen var det samtalar med ordførar Yvonne Wold, Heidi Leeren frå næringslivet, kyrkjeverge Hans Jakob Nes og sokneprest Erling Nevland. På ettermiddag besøkt ein Rødven stavkyrje og kyrkjene i Rødven og Holm. Det var middag og samtale med soknerådet i Eid og Holm. 

Onsdag var det møte med staben på bispedømekontoret og kyrkjemusikalsk råd. 

Torsdag starta med friluftsgudsteneste på Frei og fortsatte på Grip med gudsteneste og underteikning av vennskapsavtale. Fredag var det møte med May Bente Anita Jønsson om samiske kultur og kyrkjeliv på Smøla, før ein besøkte Rosvoll gamle prestgard og fekk høyre om musea på Rosvoll og kystpilgrimsleia. På vei mot Molde var det ei kort kveldsbønn i Edøy gamle kyrkje.

Lørdag var fokuset på Ålesund, med konfirmasjon i Spjellkavik, besøk hos Kirkens bymisjon og omvisning i Ålesund kyrkje med presentasjon av orgelet. Bishop Helen-Anns mann Mayles er organist, og fekk prøvd ut orgelet i Ålesund, i tillegg til Molde, Rødven og Edøy.

Underveis var det mange gode samtalar og vi ser at vi har mykje å lære av kvarnadre og henter inspirasjon frå kvarandre. Når ein ser kvarandre med ein annans blikk, vert ein mer tydeleg for seg sjølv. Vi gler oss til vidare vennskap!    

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"