Kva tenkjer folk om kyrkja i Møre?

Før jul vart det gjort ei stor undersøking blant medlemane i Den norske kyrkja i Møre. Her kan du lese meir om resultata og sjå heile undersøkinga.

Publisert:

Synstolking: Logoen til Møre bispedøme
Synstolking: Logoen til Møre bispedøme

I desember vart det gjennomført ei undersøking blant medlemmane i Den norske kyrkja av Opinion. Den førre undersøkinga vart gjort i 2023. Det er ikkje store endringar i tala sidan den gong. Jamt over er dei blant medlemmane som har svara meir positive til kyrkja, har ei sikrare tru og er meir i kyrkja i Møre enn i resten av landet. Forskjellen ligg på rundt 5%. 86 % av medlemmane har tatt del på ei arrangement i kyrkja det siste året.

82% ville vald dåp om dei fekk barn i dag blant medlemmane i Møre, mens talet på landsbasis er 78%. 77% ville vald kyrkjeleg konfirmasjon mot 69% på landsbasis.

Eit betydeleg fleirtalet av medlemmane har eit positivt syn på Den norske kyrkjas rolle i samfunnet. Dei områda som er viktigast er at kyrkja er samlande ved kriser og store livshendingar, som fellesskapsbærer og forvaltar av kultur.

Flest av medlemmane  menier Den norske kyrkja er samfunnsnyttig, når ho støttar menneske i sorg, og skapar rammar for viktige hendingar i livet, som dåp, bryllaup og gravferder.

Det området der Møre skil seg mest ut frå resten av landet er kommunikasjon. 42% oppgir at dei ikkje har sette eller mottatt informasjon om ting som skjer i Den norske kyrkje, mot 29% i resten av landet. Samtidig seier 36% at dei har hatt kontakt med ein kyrkjeleg tilsett i Møre, mot 29% i nasjonalt.

 

Sjå under for en presentasjon av undersøkinga.  

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"