Ny strategi for Møre bispedøme

2. juni vedtok Møre bispedømeråd ein ny strategi. Den skal gjelde fram til 2030. Strategien som Kyrkjemøtet har vedteke er utgangspunktet. – Eg er særleg glad for at vi har fått eit så tydeleg fokus på og ekstra omsorg for born og unge vaksne, utan at vi dermed seier at andre medlemmer ikkje er viktige eller verdfulle, seier leiar i bispedømerådet, Arnt-Ove Tenfjord.

Publisert:

– Eg trur at viss kyrkjelydane saman med kyrkjelege tilsette snakkar saman, samarbeider og samskapar frå sin kvardag og sine verktøykasser, så kan vi i Møre bli overraska over kor mykje himmel som allereie er her, og som også kan skapast der det no er mørkt, seier leiar i Møre bispedømeråd, Arnt-Ove Tenfjord om den nye strategien for Møre bispedømeråd 2025-20230.
– Eg trur at viss kyrkjelydane saman med kyrkjelege tilsette snakkar saman, samarbeider og samskapar frå sin kvardag og sine verktøykasser, så kan vi i Møre bli overraska over kor mykje himmel som allereie er her, og som også kan skapast der det no er mørkt, seier leiar i Møre bispedømeråd, Arnt-Ove Tenfjord om den nye strategien for Møre bispedømeråd 2025-20230.

Ein ønskjer å løfte fram bispedømerådet som strategisk organ. Difor har ein det siste halvåret arbeid med ein strategi for bispedømerådet og dei tilsette på bispedømekontoret. I tider med ned bemanning og krevjande økonomi, er det viktig å arbeide med kva som er viktigast å bruke pengar og ressursar på.

Bispedømerådsleiar Arnt Ove Tenfjord er nøgd med den nye strategien:
– Eg er veldig glad for at Møre bispedømeråd som eit samla kollegium har slutta opp om den måten vi no tenkjer kyrkje og framtid på, sett frå vårt perspektiv og ansvarsområde, seier han.

– Staben vår, biskop og prostane, arbeidsgruppa, dei mange grundige høyringssvara og innspel frå kollegiet gjer at vi kan seie: Dette står vi saman om. Dette eig vi lag. Dette er vegen vi går etter det lyset vi har no. Det same har Kyrkjemøtet gjort.

Det er tre satsingsområde i strategien: 

  • Ungdom og unge vaksne (15-30 år)
  • Frivilligheit
  • Kyrkja som samfunnsaktør


Sjølv om det er opp til kvart av dei kyrkjelege fellesråda å vedta eigne strategiar, håpar ein at strategien kan vere til inspirasjon for kyrkjelydane. Tenfjord sier:
– Eg trur at viss kyrkjelydane saman med kyrkjelege tilsette no snakkar saman, samarbeider og samskapar frå sin kvardag og sine verktøykasser - og ber om konkret hjelp frå vår dyktige fagstab når det er nødvendig -  så kan vi i Møre bli overraska over kor mykje himmel som allereie er her, og som også kan skapast der det no er mørkt.

Last ned strategien under for å sjå detaljane!    

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"