Kyrkja står sterkt i Bjerkreim og det er god oppslutting om både gudstenester og dei kyrkjelege handlingane, ikkje minst om konfirmasjonen. Vi har eit godt samarbeid både med bedehus og misjonshus, med andre lag og organisasjonar, skular og barnehagar i kommunen.
Bjerkreim er ei tradisjonell jordbruksbygd med mange handtverksbedrifter. Kommunen har 2800 innbyggjarar og 2300 er medlemmer i Den norske kyrkja. Her er vakkert med både fjell og dalar, Bjerkreimselva som er ei av landets beste på laks, og mykje fint kulturlandskap. Det er godt tilrettelagt for aktivitet både i utmark og på eit flott stadionområde. E39 går gjennom kommunen og det er lett å kome hit.
Det er to kyrkjer i Bjerkreim sokn. Bjerkreim kyrkje er hovudkyrkje og der er det gudsteneste om lag annankvar søndag, ein gong i månaden i Ivesdal kyrkje og innimellom på Vikeså misjonshus. Det er ein prest i Bjerkreim sokn. På kyrkjekontoret har vi organist/sekretær, diakon/trusopplærar, ungdomsarbeidar og kyrkjeverje. I tillegg har vi kyrkjetenarar og klokkarar tilslutta kyrkjene. Dei tilsette samarbeider godt og har det kjekt ilag.
Soknepresten kan i stor grad forme eigen kvardag. Han/ho har hovudansvar for gudstenestene, andakter og konfirmantarbeidet i soknet, og blir stundom spurt om å ha ein og annan andakt utanom det. Soknepresten sit i mellom anna soknerådet/fellesrådet og er ein sjølvsagt del av kommunen sitt kriseteam. Presten inngår i ein gravferdsturnus for Bjerkreim og Eigersund.
Presten i Bjerkreim er ein naturleg del av bygda og det som skjer i både glede og sorg. Kyrkjelyden ønskjer seg ein samarbeidsvilleg, fleksibel prest som er glad i folk i alle aldrar og klar og livsnær i sin teneste og forkynning.
