Velkommen som konfirmant 2025/26
Velkommen til informasjonsmøte i juni om konfirmantåret 2025/26! Du kan melde deg på konfirmantåret ved å trykke på lenka nedst på sida.
Les meir
Alle kan bli konfirmant i kyrkja! Velkommen uansett om du trur, ikkje trur eller er litt usikker. Det einaste kravet er at du er døypt innan konfirmasjonsdagen. Om du ikkje er døypt frå før, er det ikkje noko problem. Mange blir døypt i løpet av tida som konfirmant.
Konfirmasjonen er ei stadfesting, ei bekrefting på at Guds kjærleik gjeld akkurat deg: Slik vi i dåpen blir tatt i mot av Gud, stadfestar Gud sin kjærleik til oss i konfirmasjonen. Vi er sett og elska av Gud, som har skapt oss.
I juni 2025 har vi informasjonsmøter om konfirmantåret 2025/26. Desse møta er både for deg som veit at du vil vere konfirmant og for deg som vurderer det. Foreldre/føresette er også med på møta.
Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"
Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista
Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert
Settings for this website / Location -> "Allow"