Vi opnar konfirmantåret slik vi har gjort i mange år: Med eit AVSPARK på Sæbø den siste laurdag i august, 30.8.
Dette blir ein dag med aktivitetar og undervisning, der vi blir meir kjende med kvarandre, både konfirmantar og leiarar, og der vi byrjar på den reisa som konfirmantåret er.
Samlinga tek til kl 14 i Hjørundfjord kyrkje, og vi avsluttar om lag kl 18. Ta med deg drikkeflaske og klede du kan vere ute i. Mykje av dagen blir konfirmantane delt inn i grupper. Vi serverer pølse og brød. Mobilar blir samla inn under samlinga. Ta kontakt med oss før samlinga om det er behov for særskilte avtalar knytt til dette.
Vel møtt!