I løpet av året får kofirmantane delta som medhjelparar i gudstenesta! På denne måten kjem ein kanskje meir på innsida av det som skjer, gjennom å sjølv delta med praktiske oppgåver. Gruppa møter 1 time før gudstenesta tek til på oppsett dag, og vert teken i mot av ein som har ansvar for å rettleie dei. Konfirmantane bruker kvite kapper under denne gudstenesta. Dersom ein ikkje kan på oppsett dag, bytar ein med ein annan og gir oss melding om det.
Oppgåvene konfirmantane gjer: Seier «velkommen» og deler ut salmebøker før gudstenesta, går inn i prosesjon medhjelpar under dåpen, les tekster (om ein vil), samlar inn takkoffer, tenner lys under forbøn og andre oppgåver knytt til den aktuelle gudstenesta. Nokre av dei føresette blir bedne om å hjelpe til med kyrkjekaffi same dag.
Konfirmantane i Ørsta og Vartdal deltek 1 gong som medhjelpar, konfirmantane i Hjørundfjord deltek 4 gongar.
Oversikta over når kvar konfirmant skal stille kjem på ein eigen e-post!