Morgonmessa startar klokka 0900 og varer omlag 20 minutt. Det vert salmar, tekstlesing, stillheit og nattverd. Messa er open for alle. Denne gongen kan alle som vil vere igjen i kyrkja for ein kopp kaffi og ein prat!
Vi vonar dette kan verte eit viktig møtepunkt og ein stad for heilagt nærvær midt i livet og kvardagen.
