Aurdal vil ta del både med song og i samtale med sokneprest Arne Moltubak. Vi gler oss til å høyre Siv reflektere over blant anna songen og musikken si betydning både for livet og trua.
Elles vert Livspust slik vi er blitt kjend med den. Song og musikk vert stødig leia av Marie Austrheim Riise med band. Det vert bønevandring med nattverd og høve til å tenne lys og skrive bønelappar.
Markerer nytt lydanlegg
Umiddelbart etter gudstenesta vil vi markere at det nye lydanlegget er tatt i bruk. I desember 2024 mottok Ørsta sokneråd støtte på 400.000 kroner frå Sparebanken Møre til innkjøp av nytt lydanlegg. Vi er difor glade for at Sparebanken Møre vil vere med oss denne kvelden.