Er du gifteklar?

Har du lyst å gifte deg, men orkar ikkje alt styret rundt? Mange nytta høve til å gifte seg på drop-inn-bryllaup i ulike kyrkjer på valentinsdagen. Framleis er det høve til å gifte seg utan at du må ha stort selskap, mange gjestar og full pakke.

Publisert:

Er du gifteklar?

Å gifte seg er ei stor hending og mange vil gjerne dele bryllaupsdagen sin med flest mogleg, planlegge i god tid og lage stor fest. Det er fint. Andre har  behov for noko litt mindre. Færre gjestar, mindre merksemd, færre utgifter og mindre styr. Det er også fint!

Uansett korleis ein vel å gjere det handlar det om å gi kvarandre eit løfte om livslang truskap og kjærleik og få legge samlivet sitt framfor Gud i bøn. 

I kyrkjene i Ørsta er det mogleg å gifte seg heile året og med akkurat så stor fest og mange gjestar du måtte ønske. Så lenge du har gyldig prøvingsattest frå folkeregisteret, ein å gifte deg med og to vitne er vi klare på relativt kort varsel. 

Les meir her. 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"