Onsdag 4.3 klokka 0900 tek biskopen del på morgonmessa i Ørsta kyrkje. Same dag klokka 1930 inviteterer Ørsta sokneråd til arrangementet "Himmelvendt: Musikk, poesi og salmesus. - Ei konsertoppleving i ord og tonar". Her får vi både lytte til flott musikk og diktlesing og sjølve vere med å synge.
Søndag 8.3 klokka 1100 vert det felles visitasgudsteneste for alle tre sokna i Ørsta kyrkje. Her vert både Ørsta kyrkjekor og barnekoret GLØD med. Biskop Ingeborg preiker og fleire av dei tilsette tek del. Etter gudstenesta vert det kyrkjekaffi på Ørsta bedehus. Her vil biskopen halde sitt visitasforedrag der ho oppsummerer det har vore med på og peikar retning vidare.
I tillegg til desse opne arrangementa skal biskopen møte både sokneråda og kommuneleiinga. Ho skal møte staben og ho skal ha tilsynssamtaler med dei vigsla tilsette. Ho skal på bedriftsbesøk på Vartdal plast og Hotell Union på Øye. Ho skal ta del på skulegudsteneste på Vartdal og møte elevar og lærarar på Sæbø skule og ho skal vere med på institusjonsadakt på Hjørundfjordheimen. Torsdag tek ho turen innom øvinga til barnekoret GLØD og Språkkafeen i Vikegata.
Vi gler oss til å ta imot biskop Ingeborg og vonar mange vil ta del på dei opne arrangementa!
