Fastetida er ei tid for fordjuping av trua og til å tenke over livet vårt. Difor legg vi i år opp til ulike "eksistensielle kveldar" i kyrkja, der vi får eit høve til refleksjon og fordjuping. Kanskje er dette særleg viktig i ei uroleg og usikker tid? Kvar kveld (unnateke askeonsdag) vil Ørsta sokneråd lage til eit kveldsmåltid i kyrkjekjellaren etter samlinga i kyrkja.
Vi håper mange vil finne vegen til kyrkja desse kveldane! Dette kan også vere gode høve for bibelgrupper, misjonsforeiningar, mannsgrupper eller K-grupper til samlast og delta saman. Vel møtt til fastetida 2026 i Ørsta kyrkje!
Onsdag 18.februar, askeonsdag, kl. 1930:
Denne kvelden markerer vi starten på fastetida med den tradisjonsrike og innhaldsmetta askeonsdagsgudstenesta. I gudstenesta i år kan du delta i allment skriftemål, der kyrkjelyden ber ei felles syndevedkjenning før ein kan gå fram til altarringen og få tilsagt tilgjeving for syndene. I gudstenesta deltek også Ørsta kyrkjekor, og vi feirar nattverd saman. Arne Moltubak er liturg, og Marie Austrheim Riise organist.
Tysdag 24.februar kl. 1930: Det nytter! Om Kirkens nødhjelp i Etiopia
Vi får bli med Kirsten Ose og Arne Moltubak på ei spanande reise til Etiopia. Dei vil vise oss korleis Kirkens nødhjelp bidrar til ei meir rettferdig verd gjennom mellom anna tilgang til reint vatn, nye arbeidsplassar og berekraftig jordbruk. Vi får også ein smakebit på Etiopisk kultur og sjølvsagt kaffi og popkorn! Koret faSong blir også med denne kvelden.
Onsdag 4.mars kl 1930: Himmelvendt: Musikk, poesi og salmesus. - Ei konsertoppleving i ord og tonar
Denne veka er det bispevisitas i Ørsta: Biskop Ingeborg Midttømme vitjar kyrkjelydane i Vartdal, Hjørundfjord og Ørsta sokn. Denne kvelden inviterer vi til ein kulturkveld, med både musikk, diktlesing og salmesong.
Tysdag 10.mars kl 1930: Kunsten i Ørsta kyrkje
Lurer du på kvar lysekronene i kyrkja kjem frå? Kanskje er du nysgjerrig på det gamle alterskapet? Denne kvelden får vi besøk av Elisabeth Andersen og Kristin Kausland frå Norsk institutt for kulturminneforskning. Dei vil sette kunsten i kyrkja vår inn i ei kunsthistorisk ramme og fortelle både om alterskapet og om kunst og interiør elles i kyrkja vår. Ørstakoret står for dei musikalske godbitene denne kvelden.
Tysdag 17.mars kl 1930: "Ravnene fløy lavt den dag" Om Arnold Eidslott sine dikt om krig, ved Jan Inge Sørbø
Denne kvelden kjem Jan Inge Sørbø og fortel om Arnold Eidslott sine krigsdikt. Sørbø er professor ved Høgskulen i Volda, og kjem denne våren ut med boka "Ravnene fløy lavt den dag- dikt om krig", som er ei samling av Eidslott sine dikt om krig.
Tysdag 24.mars: Fasteaksjon
Dette er dagen for å mobilisere til innsats for Kirkens Nødhjelp! Konfirmantane våre skal gå med bøsse, men vi treng både sjåførar, bøsseberarar og teljemannskap til Fasteaksjonen 2026. Meir informasjon kjem etterkvart om korleis du kan melde deg. Denne kvelden passar både for barnefamiliar, og vaksne i alle aldrar!



