Over 11.000 til Kirkens Nødhjelp

Avisa Julens Gang med dei to unge redaktørane Johannes (10) og Sigurd (8) Sollie Myklebust vart ein stor suksess, også dette året. Det vart selt over 100 aviser, noko som resulterte i over 11.000 kroner til Kirkens Nødhjelp sitt viktige arbeid over heile verda.

Publisert:

Over 11.000 til Kirkens Nødhjelp

Generalsekretær i Kirkens Nødhjelp, Anne Cecilie Kaltenborn, er glad og takknemlig for gutane sin innsats. Ho er tydeleg på at inntektene er viktige for Kirkens Nødhjelp: "Kirkens Nødhjelp vil rette ei stor takk til Johannes og Sigurd for det store engasjementet dei har vist. At dei har brukt romjula på å lage og selje aviser og samla inn meir enn 11 000 kroner, er både imponerande og rørande. Gåva deira vil bidra til at menneske i nokre av verdas mest utsette område får tilgang til reint vatn, mat og håp for framtida. Slik situasjonen er i verda i dag, er slike gåver viktigare enn nokon sinne. Tusen takk!"

Redaktørane sjølve er også godt nøgde med resultatet: "Vi er veldig fornøyd med salet for målet var 10.000 kroner og det har vi klart! Da er det ingenting å klage på." Dei er også positive med tanke på eit eventuelt tredje opplag: "Ja, det blir avis neste år etter all sannsynlighet."

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"