GLØD og MiniGLØD er barnekora som høyrer til Ørsta sokn. Dei har øvd gjennom heile vinteren og gler seg enormt til å synge i lag med Bjarte Leithaug og få vise fram det dei har lært dette semesteret. Barnekora er svært populære, med over 50 born i kora, så dette blir ein konsert med kikkeleg «trøkk»!
Bjarte Leithaug er ein anerkjent norsk artist og låtskrivar, kjend for sine tidlause barnesongar som «Skal vi være venner» og «Tenn eit lite lys». Musikken hans, som kombinerer humor med verdiar som venskap, fred og rettferd, har ein fengande pop og rock-stil som appellerer til både born og vaksne. Musikken hans har resultert i tre gullplater, over 200.000 solgte album og over 6 millionar streams. Som artist og korinstruktør har han hatt med seg over 60.000 born på scena, i konsertar med mykje liv og røre! Vi kan love både latter, glede, humor, sambarytmer og kule beats.
Barnekora har med eit eige band for anledninga: Marie A. Riise (piano/synth), Espen Aarset (gitar), Vegard Grimstad (band) og Lars Even Tørresen (trommer). Dirigent er Sigrid Nupen. Lyd: Bjørn Roger Hagen.
Billettar: 200,- for vaksne
70,- for born
Familiepris: 500,-
Sal av billettar i døra. Det er ikkje mogleg å tinge billettar på førehand. Vi anbefalar derimot å vere ute i god tid før konsertstart, både for å få billettar og ein god plass.
Her blir det mykje folk!