Gjennom fleire mannsaldrar vart Nynorsk salmebok flittig nytta av ørstingar og voldingar i heim, skule og kyrkje. Når boka no rundar 100 år, er det grunn til å minnast korleis ho kom til, og ikkje minst til å feire med fulltonande song av både klassiske og nyare salmar på nynorsk.
Fredag 17.oktober kl.19.30 vert det altså ein stor salmekveld i Ørsta kyrkje der det blir både solo-song, korsong og sjølvsagt allsong. Mellom salmane vil Per Halse fortelje om soga åt 100-åringen og kommentere nokre av tekstene. Kantorane Marie Austrheim Riise og Bert Handrick tek del i lag med Ørsta kyrkjekor og Volda kyrkjekor i lag med organist John Inge Bjøringsøy. I tillegg vert det solo-song av Kirsten R. Grimstad, og Ragnhild Engeset vil vere med å spele fløyte.
Jubileet er eit samarbeid mellom Ørsta og Volda sokneråd og vert markert med felles salmekveld i Ørsta kyrkje fredag 17.okt og felles festgudsteneste i Volda kyrkje søndag 19.okt.
Vel møtt til ein festkveld med feiring av Nynorsk salmebok 100 år!
Bill.: 100.-
Born under 12 år: gratis.